KRAFTPRODUKSJON

SFE <picture/>

SFE byggjer på ei 100 år lang historie som vasskraftprodusent, og har bygd seg opp som ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet.

Produksjonsverksemda er samla i selskapet SFE Produksjon, som omfattar drift, vedlikehald og rehabilitering av eksisterande produksjonsanlegg, kraftutbygging og utviklingsaktivitetar, og eit krafthandelsmiljø som driv fysisk og finansiell omsetting av kraftproduksjonen.

Selskapet eig 12 kraftverk, leiger fem og er deleigar i sju. Desse kraftverka har ein middelproduksjon på 2500 GWh. I tillegg kjøper selskapet kraft frå småkraftverk som vi omset i marknaden.