Lutelandet vindkraftverk

SFE <picture/>

Lutelandet vindkraftverk ligg på Lutelandet, ei øy som ligg vest for Korssundet i Fjaler kommune. 

Lutelandet er ein godt eigna lokalitet for vindturbinar med stabile og gode vindforhold. Konsesjon blei tildelt i 2019 og vindkraftverket skal bestå av ni turbinar som til saman skal produsere ny fornybar energi til om lag 7 500 husstandar.

Lutelandet vindkraftverk gir arbeidsplassar og verdiskaping for lokalsamfunnet. I tillegg har området Ytre Fjaler med dette fått eit nytt og sterkt 132kV straumnett som legg til rette for ny industri og næringsutvikling.

SFE ønskjer at verdiskapinga frå vindkraftproduksjonen på Lutelandet skal kome lokalsamfunnet til gode og har oppretta ei sponsorordning tilknytta vindkraftverket. Hovudhensikta er å framme utvikling og aktivitet og skape bulyst i området. Les meir om Vind-Vinn midlane her.

Lutelandet energipark

  • Installert effekt MW: 51,1 MW
  • Forventa årleg produksjon: 150GWh
  • Venta oppstart fjerde kvartal 2021
  • Antall turbiner: 9
  • Navhøgde: 105 meter
  • Rotordiameter: 149 meter
  • Turbintype: Nordex N149