Vi tek samfunnsansvar

I over 100 år har SFE gått i spissen og bygd ut fornybarnæringa på Vestlandet. Vi har levert kraft, arbeidsplassar og lokale verdiar som har bidrege til utvikling i regionen. Vårt bidrag har vore tydeleg nærvær i lokalsamfunna gjennom arbeidsplassar, aktivitet og engasjement. Vi som verksemd tek samfunnsansvaret på alvor.

Ei berekraftig framtid er avhengig av stadig meir fornybar energi. Med utviklinga av vass- og vindkraft, og elektrifisering bidreg SFE til klimamåla. Dette gjer vi ved å forvalte naturressursar til det beste for fellesskapet. Saman med dei dyktige medarbeidarane våre skal vi halde fram med å skape verdiar for eigarane våre, for kundane, for lokalsamfunnet, og for dei komande generasjonane.

Lokalt engasjement  Samarbeid med Plan Norge

Lokalt engasjement
Les meir
Samarbeid med Plan Norge
Les meir