Vinn-Vind Midlane Lutelandet

SFE ønskjer at verdiskapinga frå vindkraftproduksjonen på Lutelandet skal kome lokalsamfunnet til gode og har oppretta ei sponsorordning tilknytta vindkraftverket. Hovudhensikta er å framme utvikling og aktivitet og skape bulyst i området.

Eit lokalt forankra utval er danna for å vurdere søknadene som kjem inn. Dette består av representantar frå kommune, Våge grendalag og Hellevik grendelag. Leiar for Lutelandet vindkraftverk, Anne Britt Hugøy, vil vere sekretariat for ordninga.

Søknadsfrist: 15.juni

Årleg ramme er inntil 200 000 kr.

Kriterium for å søke Vinn-Vind midlane

  • Tiltaket det søkast om skal fortrinnsvis kome ålmenta og lokalsamfunnet i Ytre Fjaler/Våge skulekrins til gode, men ein kan og søkje om tiltak i nærliggande område
  • Nye tiltak/arrangement vil bli prioritert
  • Søkjar skal ha ein ordna økonomi og eit tydeleg føremål med aktiviteten
  • Den som søkjer midlar og gjennomfører tiltaket har ansvar for å skaffe løyver, og tiltaka må vere innanfor offentleg godkjende planer, reglar, eigedomsrettar m.v.
  • Vi støttar fortrinnsvis lag eller organisasjonar framfor private tiltak

Vi støttar ikkje:

  • Føremål som er i strid med våre grunnleggjande verdiar eller etiske retningslinjer
  • Politiske organisasjonar eller aktivitetar
  • Kommersielle organisasjonar eller aktivitetar
  • Enkeltpersonar/-utøvarar (for å framme eigen karriere)

 Søkjar forpliktar seg til å sende ein rapport på bruk av midlane etter avslutta prosjekt. Dersom tiltaket ikkje er gjennomført, kan midlane trekkast tilbake.

Gå til søknadsskjema her.