Program 2021


VI SKAPAR DEN FORNYBARE FRAMTIDA
Vi har gleda oss i to år til å ta i mot gjestar til Kraft i Vest. Mange har nok sakna konferansestemninga med dei gode faglege diskusjonane, påfyll av relevante tema, møte med menneska og lokalmat av høg klasse. Det er ein ære å ønskje dykk velkomen til Kraft i Vest 22.-23. september  2021!

Temaet i år er "Vi skapar den fornybare framtida". Kva rolle har teknologiutviklinga i løysinga på klimakrisa? Kan grøn omstilling skape nye moglegheiter?  Auka krav til grøn rapportering – korleis henge med?

Du vil mellom anna møte tidlegare statsråd Anniken Hauglie, Kikki Kleiven frå Bjerknessenteret og Agathe Schjetlein i Finans Norge. 

Program dag 1 – 22.september

Opning og introduksjon

11.00 – 11.45      Lunsj, Gloppen Hotell

12.00 – 12.15      Opning og introduksjon, Johannes Rauboti, konsernsjef Sogn og Fjordane Energi og Anne-Mette Hjelle, konferansier

12.15 – 13.00      «Ei varmare verd», Hilde Fålun Strøm og Sunniva Sorby, Hearts in the Ice

Nyskaping som nøkkel til klimautfordringa

13.00 – 13.25      «Innovasjon som drivkraft i det grøne skiftet", Anniken Hauglie tidlegare statsråd og leiar i Norsk Olje og Gass/Viseadministrerande direktør i NHO                                            

13.25 – 13.50      TBA

13.50 – 14.15      «Kraftselskapa i sentrum for ny grøn teknologi», Liina Veerme, konserndirektør SKS

Pause til 14.40

Når berekraft blir føresetnad for finansiering

14.40 – 15.10      «Når kapitalen stiller klimakrav», Agathe Schjetlein, direktør berekraft Finansnorge

15.10 – 15.35      «EUs taksonomi for grøne investeringar», Ingri Martine Fonn Macsik, Sparebanken Sogn og Fjordane

15.35 – 16.00      «The future of sustainable energi», Valeria Jana Schwanitz, Institutt for miljø- og naturvitskap HVL                             

Pause til 16.30

Drivprisen - nyskaping som drivkraft for grøn omstilling

16.30 – 16.45      «Verktøy for nyskaping», Nina Broch Mathisen, direktør Innovasjon Norge Vestland 

16.45 – 16.55      Introduksjon DRIVprisen 

16.55 – 17.15      Førsteplass vinnarane Corvus Energy (2019) ogTio Tech (2020) 

17.15 – 17.30      Presentasjon nominerte 2021

17.30 – 17.45      Utdeling og kommentar frå vinnar 2021

17.45 – 18.00      Oppsummering av dagen

 

Program dag 2 – 23.september

Opning dag 2

08.30 – 08.35      Opning dag 2, konfransier Anne Mette Hjelle

08.35 – 09.00      «Korleis vil klimaendringane påverke oss», Helga «Kikki» Flesche Kleiven, direktør for Bjerknessenteret for klimaforskning

Elektrifisering – vår viktigaste klimareidskap

09.00 – 09. 25     «Nasjonale klimaambisjonar og kritiske grep for verdiskaping», Sigrun Aasland, påtroppande leiar Zero

09.25 – 09.50      «Eit fullelektrisk fornybarsamfunn – kva må til» Toini Løvseth, direktør for elektrifisering i Energi Norge

09.50 – 10.15      «Korleis balanserer vi klima og natur», Therese Hugstmyr Woie, Natur og Ungdom                      

Pause til 10.40

Frå ord til handling – eit grønare vestland

10.40 – 11.05      «Eit grønt vestland og nullutslepp 2030», Natalia Golis, Vestland Fylkeskommune

11.05 – 11.30      «Eit offensivt næringsliv dreg Vestlandet i grønare retning», Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestland

11.30 – 11.55      «Berekraft satsing i energibransjen», Jannicke Lindvik, kommunikasjonsdirektør Sogn og Fjordane Energi

11.55 – 12.20      TBA

12.20 – 12.45      Avrundande ord ved Anne Mette Hjelle og Johannes Rauboti   

 

Gunna smitterestriksjoner i samband med covid-19, opnar vi opp for sal av eit avgrensa tal billettar no i starten. Her løner det seg å vere rask! 

> Påmelding

> Praktisk informasjon