INFORMASJON OG PÅMELDING


Vi skapar den fornybare framtida
er tema i år, og vi håpar at mange tek turen til Sandane desse dagane for å bli inspirert!  

Gå til påmelding her.

Tid: Onsdag 22.- torsdag 23. september

Stad: Trivselshagen, Sandane i Gloppen kommune

Overnatting:

Gloppen hotell
Overnatting på Gloppen Hotell bestiller du gjennom påmeldingsskjemaet for konferansen. Det løner seg å vere tidlig ute med påmelding om ein ønskjer rom på Gloppen Hotell. Betaling skjer direkte til hotellet ved utsjekk.
Lunsjar og festmiddag finn stad på Gloppen hotell.

Gloppen camping
For å booke overnatting på Gloppen Camping, tek du sjølv kontakt på telefon 414 68 433. Campingen har hytter og leiligheiter i ulike prisklassar. SFE syter for gratis transport til og frå konferansen og til måltida på hotellet. 

Hus/leilegheiter
Sjå elles t.d airbnb.com for tilgjengelege leiliegheiter, hus og hytter i nærområdet. Vi kan vere behjelpelege med transport til og frå konferanseområdet.

Bubil
Vi har nokre Bubilplassar ved Gloppen Hotell, bestill via epost: kraftivest@sfe.no

Er de fleire frå same bedrift som ønskjer å bu i lag? Ta kontakt med oss, så kan vi hjelpe til med å finne passande hus/leilegheit.


Reise:

For deg som skal køyre til Sandane:

Konferansen finn stad i Trivselshagen kulturhus på Sandane, rett ved Firda Vidaregåande skule. Følg skilt til "Kulturhus" og "Idrettshall/badeanlegg". Parkering er gratis. 
Sjå kart

For deg som kjem med fly:

Sjekk flytider på wideroe.no.

Send oss ein e-post med flytidene dine, så skal vi ordne med transport til og fra Sandane Lufthamn Anda.


Prisar (inkl mva):

Pakkepris (konferanse to dagar inkl. alle måltid)    6 265     
Konferanse begge dagar - ingen måltid    4 120
Konferanse dagspass onsdag - ingen måltid    2 555
Konferanse dagspass torsdag - ingen måltid    2 275
Lunsj torsdag       320
Lunsj fredag       320
Festmiddag med underhaldning    1 195

OBS! Det løner seg å vere tidleg ute med å melde seg på, konferanseprisane vil auke med 10% frå 1. september.

Ved avbestilling mellom 1.- 20. september vert 50% av beløpet refundert. Ved avbestilling etter 20. september vert ikkje noko av beløpet refundert. Det vert ikkje gjeve refusjon for enkeltmåltid som ikkje vert nytta.


Spørsmål:
Spørsmål angåande påmelding, overnatting, fakturering og anna praktisk informasjon, ta kontakt med:

Christin Hagevik Aare
(E-post: kraftivest@sfe.no, tlf: 979 89 362)

Vi gler oss til å sjå deg på Sandane i september!

Kraft i Vest er Vestlandet sin møteplass for næringsliv, politikarar og akademia. Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Vestland Fylkeskommune og Sogn og Fjordane Energi arrangerer konferansen.

Meld deg på her