STRAUMNETT

SFE <picture/>

Straumnettet er ein av dei kritiske infrastrukturane i eit moderne samfunn. Velstanden, tryggleiken og samfunnsutviklinga vår er heilt avhengig av ei trygg og god straumforsyning. I Sogn og Fjordane bidreg Linja til vekst og utvikling for næringar og samfunn – frå dei yste holmar til dei inste fjordarmar.

Straumnettet vårt har ei utstrekning på meir enn 4000 km – tilsvarande distansen mellom Sogn og Fjordane og Kairo i Egypt. Rundt 120, eller nær halvparten, av SFE-konsernet sine tilsette arbeider med dette nettet. I eit krevjande terreng, med utfordrande vêrforhold, handterer dei eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Sunnmøre i nord, og eit lokalnett som forsyner 23 000 nettkundar i kommunane Gloppen, Stad, Kinn, Bremanger, Askvoll og delar av Naustdal.

På grunn av NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) sine krav til nettselskapas nøytralitet på internett, er tenester og meir informasjon frå nettverksemda å finne på Linja sin eigen nettstad: www.linja.no