HISTORISK UTBYTE FRÅ SFE

SFE <picture/>

Sogn og Fjordane Energi (SFE) betalar ut 120 millionar i utbyte til eigarane sine.

Det vart i år knytt stor spenning til utbyteutbetaling i kraftbransjen ettersom COVID-pandemien sette mykje på vent tidlegare i år.

- Normalt tek SFE-styret stilling til utbetaling av utbyte i mars når fjorårets resultat vert lagt fram, men i år valde SFE og fleire energiselskap å avvente avgjerda om utbyte. Årsaka var usikre tider som følgje av COVID-pandemien som nettopp hadde inntreft, seier konsernsjef Johannes Rauboti.

I dagens styremøte beslutta SFE-styret at utbytet skulle betalast ut.

Historisk høgt utbyte
Johannes Rauboti berømmer eigarane av selskapet for å tenkje langsiktig:
- Vi har solide og langsiktige eigarar i ryggen. Når eigarane mottek eit så stort utbyte, er det ein god premie til våre offentlege eigarar som over fleire år har sikra selskapet kapital til å vekse og utvikle seg.

Utbytet er det største ordinære utbytet frå SFE nokon gong.

Tre kraftverk under bygging
SFE er i ein fase med høg aktivitet, med både Østerbø kraftverk i Høyanger kommune, Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune og Lutelandet vindkraftverk i Fjaler kommune under bygging.
- Eg er stolt over at vi i ei tid med høge investeringar og låge kraftprisar kan halde fram med å betale store utbyte til eigarane våre, seier konsernsjefen.