356 mill kr i halvårsresultat 2023

30.08.2023
SFE <picture/>

Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt på 356 mill. kroner for første halvår i 2023. Dette er vesentleg høgare enn same periode i fjor.

Ein rekneskapsmessig gevinst på 219 mill. kroner etter fusjonen mellom nettselskapa Linja og Mørenett forklarar mykje av den kraftige resultatauken. Men resultatet av underliggande drift på 137 mill. kroner, er også langt betre enn for same periode i fjor (64 mill. kroner). SFE hadde lågare tilsig av vatn til kraftmagasina, og ein lågare produksjon i første halvår samanlikna med i fjor. Men samstundes var snittprisen i NO3, der SFE i år har hatt 90% av sin kraftproduksjon, 51,2 øøre/kWh mot 22,2 øøre/kWh for same periode i fjor.

I posisjon for framtida
I mars i åår fusjonerte SFE sitt straumnettselskap Linja, med Møørenett. SFE eig i dag 33,3% av det nye nettselskapet, som også har fått namnet Linja.

- Kraftbransjen er i endring og vi må tilpasse oss framtida. Samanslåinga av nettverksemdene til SFE, Tafjord og Tussa har gjort Linja til eit av dei største nettselskapa i Noreg. Dette gjer selskapet endå betre rusta til å møte dei store investeringane og behovet for teknologisk utvikling i åra som kjem, seier Johannes Rauboti, som er konsernsjef i SFE.

Eit selskap i vekst
I SFE er det no kraftproduksjon som er kjerneverksemda. Knut Arild Flatjord tok over som leiar for produksjonsverksemda frå nyttår og ha r stor tru p på framtida.

- Å få til ei grøn energiomstilling er ei av dei viktigaste utfordringane verda står overfor, og det gir oss motivasjon og drivkraft at bransjen vår spelar ei stor rolle, seier Flatjord.
Og til det trengs det fleire hender. SFE består i dag av 96 engasjerte tilsette, og fleire er på veg.
- Vi opplever ein stor interesse rundt utlyste stillingar, og i løpet av hausten vil vi bikke over 100 tilsette, seier han.

Øksenelvane står for tur
Av store prosjekt på blokka er det bygging av ny kraftstasjon i Øksenelvane som står for tur. Det 70 år gamle kraftverket er modent for rehabilitering, men SFE ønskjer å bygge ein ny kraftstasjon for å auke både produksjonskapasitet og ikkje minst effekten i anlegget.
- Dette er ei miljøgunstig kraftutbygging i eit allereie utbygd område der vi lagar ny vasstunnel i fjellet og aukar anlegget si slukeevne. Dette gjer at vi kan auke produksjonskapasiteten med 23 GWh, og ikkje minst optimalisere reguleringsevna med ei effektauke frå 30 til 55 MW. Dette gjer at vi i større grad kan produsere krafta når marknaden har behov for den. Eit kraftverk som raskt kan regulere produksjonen
har høg verdi i morgondagens kraftsystem, som har stadig meir uregulerbar kraft i frå sol og vind, seier Flatjord. SFE har søkt NVE om endringane og håpar å starte bygginga til neste år.

125 millionar i utbyte for 2022
SFE betalar i desse dagar ut 2022-utbytet på kr 125 mill til sine eigarar. SFE sine eigarar er Sogn og Fjordane Holding AS (eit selskap eigd av Vestland Fylkeskommune og alle kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke), Eviny AS, Kinn kommune, Gloppen kommune, Bremanger kommune, Stad kommune, Askvoll kommune og Sunnfjord kommune.

Halvårsrapport 2023