

Publisert: 29.08.2024
Gode halvÄrsresultat 2024
Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnĂ„dde eit resultat etter skatt pĂ„ 174 millionar kroner i fĂžrste halvĂ„r 2024. â Det er eit betre resultat frĂ„ den ordinĂŠre drifta enn fĂžrste halvĂ„r i fjor, seier konsernsjef Knut Arild Flatjord.
I dag er kraftproduksjon kjerneverksemda til SFE. I 2023 fusjonerte dei Linja med MÞrenett og danna eit av landets stÞrste straumnett-selskap. Dette ga SFE-konsernet ein ekstraordinÊr, rekneskapsmessig gevinst. Ser ein vekk frÄ denne gevinsten, er resultatet 37 millionar kroner betre enn tilsvarande periode i fjor.
Sterkare finansiell stilling
Selskapet har dei to siste Ära redusert lÄnegjelda og styrka si finansielle stilling, noko som er positivt med tanke pÄ framtidige investeringar, peikar Flatjord pÄ.
â Vi har ei rekkje spennande prosjekt vi Ăžnskjer Ă„ realisere, i hovudsak knytt til vasskraft. Dette gjeld bĂ„de nye kraftverk og auka produksjon og effekt i eksisterande. Ein endĂ„ sterkare finansiell posisjon gjer oss betre i stand til Ă„ realisere fleire av desse, seier han.
Ny produksjonssentral gir resultat
SFE har det meste av produksjonen i eit prisomrÄde (NO3, nordvestlandet og midt-Noreg) med lÄgare prisar enn lenger sÞr og aust i landet. Likevel oppnÄdde SFE ein snittpris frÄ kraftproduksjonen som var omlag 10 Þre/kWh hÞgare enn gjennomsnittsprisen i omrÄdet.
Ei viktig Ärsak er den dÞgnbemanna produksjonssentralen, som starta opp i 2023 og som flytta inn i nybygde lokale ved hovudkontoret tidlegare i Är. Med denne har SFE profesjonalisert mÄten dei styrer kraftproduksjonen pÄ, og korleis dei omset krafta pÄ ulike marknadsplassar.
â Her styrer vi kraftproduksjonen pĂ„ ein mĂ„te som gjer at vi produserer mest nĂ„r vi fĂ„r best pris for vatnet i magasina vĂ„re. I tillegg fĂ„r vi betalt for Ă„ bistĂ„ Statnett gjennom Ă„ produsere meir eller mindre kraft nĂ„r kraftsystemet treng det â altsĂ„ er vi med og balanserer straumnettet. Det er fĂ„ andre kraftprodusentar i Noreg som har ein dĂžgnbemanna sentral som bĂ„de styrer produksjonen og omset krafta 24/7. Dette har allereie gitt auka verdiskaping for eigarane vĂ„re, seier Flatjord.
Langt framme pÄ digitalisering
Kompetanse og evne til Ä gjennomfÞre stÞrre digitaliseringsprosjekt har vore viktig, ikkje minst med tanke pÄ etableringa av produksjonssentralen. Nyleg vart det kjent at SFE var det fÞrste kraftselskapet i Noreg med ei programvare godkjent for Statnett sin nye marknadsplass for regulering av kraftproduksjon i Noreg. Dette er ei programvare SFE har utvikla pÄ eiga hand.
- Vi har styrka vÄr satsing pÄ digitale lÞysingar dei seinare Ära, og det er kjekt Ä sjÄ at vi pÄ enkelte omrÄde kan vere i teten, sjÞlv om vi ikkje er blant dei aller stÞrste selskapa, seier Flatjord.