- Fokuser mindre på å rette opp feil, bygg i staden vidare på det du gjer rett, oppmoda Mannsverk.
Intervju med Alfred Bjørlo og Knut Arild Flatjord etter konferansen
Vi tok ein prat med Knut Arild Flatjord og Alfred Bjørlo for å høyre arrangørane sine synspunkt på årets konferanse. Nytt av året var at Drivkraft var med på arrangørsida. Drivkraft vart skipa i 2025 av Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Tidlegare stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo frå Nordfjordeid, leiar stiftinga.
Kva har vore Drivkraft si rolle og kva trur du Drivkraft tilfører konferansen?
- Forhåpentlegvis kan vi vere med på å forsterke samanhengande mellom kraft i tradisjonell kraftbransje-forstand og krafta som må kome etterpå for å skape vekst og utvikling. Drivkraft har eit formål som handlar om å styrke vekstkrafta i heile næringslivet i både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Vi er ikkje bundne til éin bransje eller éin region i fylket. Det gjer at vi kan kople kraftsaka til næringsutvikling meir generelt.
Han reflekterer over korleis han kjenner seg att i mentaltrenar Bjørn Mannsverk sine poeng:
- Det med å fokusere mindre på feil er ein viktig observasjon, og gjeld i høgste grad lokalsamfunn og regionar i Sogn og Fjordane, seier han og følgjer opp:
- Det er ei enorm skaparvilje og idétilfang i næringslivet vårt. Det som stoppar oss er tre andre ting: Mangel på kapital, mangel på kraft og byråkrati. Vi har laga eit samfunn der ting tar altfor lang tid. Vi lagar ei utgreiing til, vi krev ei avklaring til, vi har eit samfunn som er enormt opptatt av risikoen ved å gjere noko, men undervurderer risikoen ved IKKJE å gjere nok. Kort sagt: Handlekraft. Det er eit «systemproblem», men må løysast, slår Bjørlo fast.
På spørsmål om kva Knut Arild Flatjord tek med seg frå årets konferanse, svarar han:
- At den teknologiske utviklinga vil gå raskare enn nokon gong framover og vi som både individ og organisasjon må greie å kapitalisere på denne utviklinga. Å utvise handlekraft er noko alle vil og mange får til, men mange står også att med ein god plan. Det handlar om å gå frå ord og planar, til prestasjon og handlekraft. Det gjeld å skru på det rette «mindsettet» og komme seg på jobb! Årets konferanse gav innblikk, inspirasjon og motivasjon til å gjere det vi må - ta modige val for framtida.
Årets tema var handlekraft. Kva betyr dette for SFE og korleis skal organisasjonen jobbe for å vere handlekraftig i tida framover?
- SFE har lang historie med å vise handlekraft. Gjennom mange år har SFE helde seg til sitt samfunnsoppdrag som er å få fram ny kraftproduksjon og bidra til samfunnsutvikling. Mellom 2020 - 2022 sette selskapet i drift kring 400 nye GWh med kraft.
SFE viste også handlekraft når vi gjekk inn som investor på eit tidleg stadie i Lefdal Mine Datasenter - ei investering som gjorde at andre større aktørar vart med og gjorde at datasenteret vart realisert.
For oss handlar handlekraft om å levere på vårt oppdrag - sikre høg oppetid på våre eksisterande anlegg, skape nye moglegheiter for å få fram ny kraftproduksjon, vere fremst i den teknologiske utviklinga og ikkje minst vere ein pådrivar for grøn omstilling i vår region. Dette krev modige val og handlekraft - og SFE har folka og moglegheitene til å gjere nettopp dette!