Tilbake til forsida
Bilete av unge skigåarar, alle ikled vest med SFE logo

Søk sponsorstøtte

Kriterium og fristar

Kvart einaste år samarbeider SFE med fleire titals lag, organisasjonar og arrangement i Sogn og Fjordane. Vi er glade for at vi kan bidra til vekst og utvikling!

Portrettbilete av SFE konsernsjef, Knut Arild Flatjord

Saman har vi drivkrafta til å gjere lokalsamfunna våre til ein god stad å bu

Konsernsjef i SFE, Knut Arild Flatjord

Kva vi ser etter

SFE får fleire søknader enn vi har moglegheita til å innfri. Derfor legg vi inn mykje arbeid med å finne ein god balanse mellom regionar og føremål som får tildelt sponsormidlar. Vi vurderer søknadane ut frå følgjande kriterium:

  • Føremålet skal vere inkluderande og engasjere flest mogleg i lokalsamfunnet
  • Tiltaket bør vere forankra i våre lokalområde, med hovudvekt på gamle Sogn og Fjordane fylke.
  • Søkjar skal ha ein ordna økonomi og eit tydeleg føremål 
  • Samarbeidet med SFE skal synleggjerast så langt det fell seg naturleg

Dette støttar vi ikkje:

  • Føremål som er i strid med våre grunnleggjande verdiar eller etiske retningslinjer
  • Politiske organisasjonar eller aktivitetar
  • Kommersielle organisasjonar eller aktivitetar
  • Skuletur/reiser/russegrupper
  • Renovering/oppgradering av bygningar

Som regel støttar vi heller ikkje enkeltpersonar/-utøvarar – berre der støtta går gjennom ein klubb/lag, og der ein i samråd med klubben/laget vél å knyte samarbeidet til éin eller fleire enkeltutøvarar.

Søknadsfristar for sponsorstøtte:

  • 15. april
  • 15. august
  • 15. november

Søk om sponsorstøtte

Fyll ut følgjande skjema om du ønskjer å søkje sponsormidlar frå SFE. Søknaden blir handsama etter neste frist. NB! Ved innsending vil du få ei feilmelding (Error 500), men vi mottek søknaden din!

Søk om sponsorstøtte

Søk om sponsorstøtte

Vinn-Vind – støtteordning for Lutelandet

Bur du nær Lutelandet vindkraftverk? Då kan du søke støtte frå Vinn-Vind, ei eiga sponsorordning for lokalsamfunnet rundt vindkraftparken. Ordninga skal bidra til utvikling, bulyst og aktiviteter i nærområdet.

Søknadene blir behandla av eit lokalt samansett utval med representantar frå kommunen, Våge grendelag og Hellevik grendelag.

Leiar for Lutelandet vindkraftverk, Anne Britt Hugøy, er sekretariat for ordninga.

Vinn-Vind

Gjennom Vinn-Vind ønskjer SFE å gje noko tilbake til lokalsamfunnet rundt Lutelandet vindkraftverk.

Les meir om Vinn-Vind

Vinn-Vind