
Publisert: 25.09.2026
Flatpakka armering frå Førde vann Drivprisen 2026
Bastal frå Førde vann Drivprisen 2026 og får 200 000 kroner for ei løysing med flatpakka armering. Fylkesordførar Jon Askeland delte ut prisen på Kraft i Vest-konferansen på Sandane fredag.
Bastal frå Førde vann Drivprisen 2026 og får 200 000 kroner for ei løysing med flatpakka armering. Fylkesordførar Jon Askeland delte ut prisen på Kraft i Vest-konferansen på Sandane fredag.
I grunngjevinga som fylkesordføraren las opp, vart det lagt vekt på at Bastal viser at store klimakutt ikkje berre kjem frå nye næringar, men òg frå nytenking i etablerte bransjar. Med det patenterte systemet Smartfix kan prefabrikkert armering flatpakkast, slik at lasta per lastebil aukar frå få tonn til over 30 tonn. Det gir mindre transport, mindre materialsvinn og kortare byggetid.
Stort potensial
Frå Førde er Bastal no i ferd med å skalere opp ei løysing som ifølgje grunngjevinga kan få betydning «langt utover Vestland sine grenser».
– Produktet vårt vart utvikla i ei utfordrande tid for verksemda, der vi var nøydde til å tenkje nytt og omstille oss. Vi har brukt nokre år på utviklinga og er enno ikkje i mål. Og vi ser stadig nye moglegheiter for systemet vårt. Når ein står midt i eit utviklingsløp betyr det mykje å få denne anerkjenninga i konkurranse med mange andre gode og innovative idear frå Vestland, seier Frode Kjøsnes, dagleg leiar og hovudeigar i Bastal.
Andre- og tredjeplass til Bergen og Florø
Andreplassen og 100 000 kroner gjekk til Chargitect frå Bergen, som har utvikla programvare som planlegg lading og energibruk for elektriske tungtransportflåtar ut frå transportoppdraget, straumprisen og nettkapasiteten. Løysinga er allereie i bruk hos leiande aktørar i Norden.
Tredjeplassen og 50 000 kroner gjekk til Havland i Florø, som i over 25 år har lagt grunnlaget for den norske torskeoppdrettsnæringa og utviklar no sirkulære løysingar som nyttar ein større del av ressursane og skaper nye verdikjeder.
Utdelt for åttande gong
Drivprisen er ein innovasjonspris i Vestland som skal løfte fram idear med særleg stort potensial til å setje fart på det grøne skiftet. Prisen vart delt ut første gong i 2019, og 2026 er åttande året. Bak prisen står Sogn og Fjordane Energi, SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune.
Tidlegare vinnarar er Rockslice (2025), Wergeland Group (2024), Renasys (2023), Brødrene Aa (2022), Boliden Odda (2021), TioTech (2020) og Corvus Energy (2019).