

Publisert: 30.08.2021
137 millionar i halvÄrsresultat for SFE
Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnÄdde eit resultat etter skatt pÄ 137 millionar kroner i fÞrste halvÄr 2021.
Trass i at Äret har vore sjeldan tÞrt sÄ langt, har produksjonen fÞrste halvÄr vore pÄ 940 GWh, som er omtrent som fjorÄret med 937 GWh.
- 2021 har so langt vore nedbÞrsfattig og vi er tilfredse med at vi har hatt ein normal produksjon. SFE har mange kraftverk med god magasinkapasitet og den produksjonsfleksibiliteten desse gir i tÞrrÄr har stor verdi, seier konsernsjef i SFE Johannes Rauboti.
Kontrast frÄ i fjor
FjorÄret var ein kontrast til i Är med mykje meir nedbÞr enn normalt og svÊrt lÄge prisar. Likevel er SFE sitt halvÄrsresultat dei to Ära omtrent det same. At SFE sitt halvÄrsresultat ikkje viser auke samanlikna med i fjor, pÄ tross av ein sterk auke i kraftprisane, skuldast i hovudsak inntektsfÞring av urealiserte gevinstar pÄ kraftkontraktar fÞrste halvÄr i fjor pÄ 94 mill. kr.
- SFE og veldig mange andre kraftselskap sikrar delar av den framtidige kraftproduksjonen. Prissikring bidreg til Ä glatte ut store svingingar i inntekta og er eit ledd i Ä styre risiko. Prissikring gjorde at vi i fjor oppnÄdde eit godt resultat i eit Är der kraftprisen var veldig lÄg. I Är har straumprisen vore hÞg og hÞgare enn den prisen vi har prissikra krafta til.
Ein viktig del av lĂžysinga
SFE investerer store belĂžp i ny fornybar energi, og har snart JĂžlstra vasskraftverk i drift saman med BKK. ĂsterbĂž vasskraftverk i HĂžyanger vart sett i drift hausten 2020. I tillegg er Lutelandet vindkraftverk under bygging og skal stĂ„ klar i haust.
- I sum vil dei nye anlegga vÄre gje straum til nÊr 30 000 husstandar. Det er motiverande Ä tenkje pÄ at SFE med alle tilsette i likskap med resten av bransjen er ein viktig del av lÞysinga pÄ klimakrisa, seier Rauboti.