
Kraft i Vest 24. – 25. september 2026
Nytt i år er at Drivkraft er med som hovudarrangør – fordi vi deler ambisjonen om å styrke kunnskapsdeling og næringsutvikling i regionen. Og det betyr billegare billettar for deg!
Årets program finn du herPå Kraft i Vest 2026 set vi søkelyset på handlekraft. Handlekraft er heilt avgjerande når vi skal omsetje intensjonar, strategiar og vedtak til konkret handling og målbare resultat. Kva skapar denne handlekrafta, og korleis nyttar vi den – som personar, organisasjonar eller som region? Korleis gir det oss den veksten og utviklinga vi ønskjer oss?
Vi ser på kva det betyr for næringsutvikling, innovasjon og grøn omstilling. Vi ser på kva som gjer dei fremste leiarane og organisasjonane handlekraftige. Vi ser på korleis vi som tilsette, leiarar eller organisasjonar kan bli endå meir handlekraftige. Og vi ser på korleis teknologien – ikkje minst bruken av kunstig intelligens – kan bidra til handlekraft.
Meld deg på herDet blir også i år eit eige Nordfjordseminar i forkant av konferansen.
Nordfjordseminaret 2026Supermakta i endring – kva betyr det for oss?
Tove Bjørgaas har følgt USA tett i mange år, mellom anna gjennom tre periodar som NRK sin korrespondent i Washington. Kva er det som eigentleg driv utviklinga i verdas mektigaste land? Og kva betyr det for Europa, for Noreg og for oss her heime?

Geopolitikk og trusselbilete
Gjermund Eide var i 10 år militær rådgjevar for Jens Stoltenberg i NATO, og var tett på store og viktige internasjonale prosessar. På Kraft i Vest gir Eide ein fersk analyse av geopolitikken og trusselbiletet akkurat no. Deretter deler han erfaringar som viser korleis sjølv små observasjonar, tankar og handlingar kan utløyse handlekraft og skape endring – og kva vi kan lære av ein toppdiplomat som Jens Stoltenberg når det gjeld å byggje og vedlikehalde verdifulle relasjonar.

Verdiskaping og naturvern
Truls Gulowsen er, som tidlegare leiar av både Greenpeace og Naturvernforbundet, ei av Noregs sterkaste stemmer for dei natur- og miljøutfordringane samfunnet vårt står overfor. På Kraft i Vest deler han sine tankar om korleis vi kan balansere handlekraft, verdiskaping og ivaretaking av viktige naturverdiar.

Møt mentaltreneren bak Bodø/Glimt sin suksess!
Bjørn Mannsverk har blitt presentert som mentaltrenaren som skapte mentale mirakel i Bodø/Glimt-garderoba. Sjølv trur han verken på "one man show" eller mirakel. For Bjørn handlar det om å jobbe hardt over tid, vere bevisst på å gjere dei rette tinga, og slutte å gjere dei gale.

Økonomi og framtidsutsikter i ei uroleg tid
Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB teiknar det store biletet framover: Kva skjer med økonomien og den internasjonale handelen når verda blir mindre føreseieleg? Og kva betyr utsiktene for handlingsrommet til næringsliv, kommunar og samfunn?

Handlekraft med KI - frå innsikt til handling
Eirik Norman Hansen, ein av Noregs fremste formidlarar på teknologi og KI, tek deg frå innsikt til praksis: Konkrete grep, verktøy og framgangsmåtar du kan ta i bruk med ein gong – anten du er godt i gang eller vil kome lenger.

Går reknestykket opp? Kraftbehov, krafttilgang og kjernekraftas si rolle
Kraftbehovet frå datasenter og ny industri veks raskt – men går reknestykket opp? Ola Borten Moe, prosjektdirektør i Norsk Kjernekraft og tidlegare statsråd, tek tak i ei av dei mest omdiskuterte løysingane: Kva rolle kan – og bør – kjernekraft spele i den norske energimiksen?

Festmiddag på Gloppen Hotell og underhaldning ved Anna Lille
Vi avrundar dag 1 med tre-retters festmiddag på Gloppen Hotell. Anna Lille frå Nordfjordeid står for underhaldninga denne kvelden. Ho vart først kjent gjennom duoen Vilde og Anna under MGPjr i 2016. No har ho etablert seg som eit stort talent innan norsk indie-pop og i 2026 vart ho kåra til årets artist på Luttprisen.

Treng du overnatting?
Vi har holdt av rom på Gloppen Hotell (tlf.57 86 53 33) og Gloppen Camping (tlf.948 00 309). Ta kontakt med dei direkte på telefon eller e-post og oppgje kode “KIV26” ved bestilling. Andre overnattingsstader i Gloppen finn du her:
Airbnb
Sølvane Gard
Gloppen Camping
Byrkjelo Camping
Gordon Hotel
Kraft i Vest er ein årleg næringskonferanse på Sandane i Sogn og Fjordane. Konferansen er blant dei viktigaste møteplassane på Vestlandet, og samlar årleg nærare 300 deltakarar frå næringsliv, offentlege organisasjonar, akademia og politiske miljø. Bli med og få to dagar med høgaktuell innsikt, gode samtalar og sanselege opplevingar.
Kraft i Vest er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge Vestland.


