

Visjon: Vi skaper den fornybare framtida
Visjon, forretningsidé og konsernmål
Økonomiske mål
SFE skal gjennom utbytte og verdiauke på selskapet gje eigarane ei konkurransedyktig langsiktig avkasting samanlikna med alternativ investering med tilsvarande risiko.
Målsetnaden er å innrette verksemdene i konsernet slik at SFE oppnår minimum BBB- som kredittrating.
Utbyte
Retningsgjevande policy for utbyte tek utgangspunkt i konsernet sitt resultat etter skatt. Utbyttet vil bli berekna slik som dette:
Majoriteten sin andel av SFE-konsernet sitt resultat etter skatt
+/- (urealiserte verdiendringar og salsvinst/-tap etter skatt
- resultat frå TS + utbytte frå TS
= Sum utbyttegrunnlag x 70%
= Årets utbytte
Styret tek uavhengig av dette sikte på å betale ut eit minimumsutbytte på 150 millionar i år der utbytet etter modellen blir lågare.
Ved utbetaling av minimumsutbytte kan differansen mellom utbyttemodellen sitt berekna utbytte og minimumsutbytte trekkast frå påføljande års utbytte.
Styret vil alltid gjere ei vurdering av kva som er forsvarleg utbytte og vil derfor kunne avvike frå modellen når det er grunnar for dette.

