
Sirkularitet og effektiv ressursbruk
SFE skal bidra til effektiv ressursbruk og fremje sirkularitet i alt vi gjer.
For oss handlar sirkularitet om å:
- Forlenge levetida på eksisterande kraftverk og damanlegg
- Redusere avfallsmengder
- Sortere, gjenvinne og ombruke ressursar
- Ta i bruk materialar som er resirkulerte eller designa for sirkularitet
Slik bidreg vi:
- Drift og vedlikehald:
Vi gjennomfører årlege tiltak for å forlenge levetida på kraftverk og damanlegg, slik at dei kan produsere fornybar energi i mange tiår framover. - Materialgjenvinning:
Store komponentar som vert tekne ut av drift, blir materialgjenvunne. - Gjenbruk av massar:
Når vi spreng kraftverkstunnellar, legg vi til rette for at massane blir nytta til samfunnsnyttige føremål lokalt og regionalt, for å unngå unødvendig deponering. - Resirkulerte materialar:
Vi kjøper resirkulert stål der det er forsvarleg for konstruksjon og sikkerheit. - Avfallssortering:
Vi sorterer avfall på alle oppmøteplassar og i alle prosjekt for å maksimere resirkulering.
Lokal verdiskaping
Å produsere straum betyr å ta naturen i bruk – og gje noko tilbake til lokalsamfunna.
Lokal verdiskaping er eit viktig mål for SFE. Aktiviteten vår skapar positive ringverknader i regionen vår, både gjennom økonomiske bidrag og støtte til samfunnslivet.
Vi bidreg til lokal verdiskaping gjennom:
- Økonomiske overføringar i form av utbyte, skattar og avgifter til eigarar og vertskommunar
- Arbeidsplassar direkte i SFE og hos lokale leverandørar
- Sponsoraktivitetar og støtte til lokale idrettslag, kulturtilbod og frivillige initiativ
- Samarbeid med skular, høgskular, forskingsmiljø og næringsliv for å styrke kunnskap, rekruttering og innovasjon
- Deltaking i forskingsprosjekt som utviklar fornybar energi og lokal verdiskaping vidare
Gjennom desse bidraga medverkar vi til å skape bulyst, skaparglede og eit berekraftig grunnlag for vidare utvikling i regionen vår.
