
Publisert: 27.05.2026
SFE inviterer til omvising i Ăksenelvane
SĂžndag 7. juni opnar vi opp for publikum i utbyggingsprosjektet vĂ„rt i Ăksenelvane. Her fĂ„r publikum ei unik moglegheit til Ă„ kome tett pĂ„ ei av dei stĂžrste kraftutbyggingane i Noreg i dag.
Det blir gruppevis synfaring i dei ulike tunnelane i fjellet og pÄ riggomrÄdet.
Praktisk informasjon:
- PÄmelding: Alle som Þnskjer Ä delta, mÄ melde seg pÄ nederst pÄ sida her
- Omvisinga varer frÄ kl. 12.00 til 15.00
- Parkering er ved Ă lfoten skule. For Ă„ unngĂ„ stor trafikk pĂ„ dei smale vegane inn til Ăksenelvane, set vi opp buss frĂ„ Ă lfoten skule. FĂžrste buss gĂ„r kl. 11.30, og deretter gĂ„r det skyttel fram og tilbake fram til kl. 15.00
- Det er om lag 400 meter Ă„ gĂ„ inn i tunnelane â gode sko og klede er derfor Ă„ tilrĂ„
- Har du med barn, mÄ du passe godt pÄ. Alle skal vere i gruppa si heile tida, og ingen skal gÄ frÄ gruppa
- Det er ikkje tillate Ä ta bilete i tunnelane eller pÄ omrÄdet
Vi byr pÄ kaffi og svele i kantinebygget etter omvisninga.
Har du sÊrlege omsyn, er det fint om du kontakter oss pÄ e-post: post@sfe.no eller pÄ telefon 57 88 47 00.
