Tilbake til forsida
  • Kraftproduksjon
  • Karriere
  • Om oss
  • Kontakt
  1. Heim
  2. >
  3. Kraftproduksjon
  4. >
  5. Sjå frå utbygginga

Status på Nye Øksenelvane kraftverk

Arbeidet med den nye kraftstasjonen går etter planen. Tunnelane inn til sjølve kraftstasjonen er ferdige, både for tilkomst og tunnelen der vatnet renn ut etter kraftproduksjon. Stasjonshallen, som ligg ca.500 meter inne i fjellet, var ferdig utsprengt i september. Tunnelen opp til Øksendalsvatnet, som er magasinet til kraftverket, er over halvvegs og er venta ferdig i januar. Då sluttar også uttransporten av steinmassar.

God framdrift

Tunnelane og stasjonshallen sto ferdig hausten 2026 og betongarbeidet i kraftstasjonen er no påbyrja. Betongarbeidet er venta å halde fram til desember 2027. Dei første store støypane vart gjennomførte allereie i mai 2026, mellom anna med støyping av krandragarar i stasjonshallen. Maskinsalkran vart montert i oktober, denne sertifiserast for løftekapasitet på 150 tonn. Sjølve montasjearbeidet i stasjonen startar i november.

Hovudmontasje med generatorar og sluttmontasje er venta å starte hausten 2027 og idriftsetting av kraftverket er planlagt seinhausten 2028. Neste store fase i prosjektet er hovudmontasjen av generatorar og kontrollanlegg, som startar i desember 2027. Montasje av kontroll- og høgspentanlegg vil i stor grad bli utført av våre eigne tilsette i SFE.

Totalt skal det sprengjast ut om lag 400 000 m³ stein – ein stor del av massane er allereie tekne ut. Det gjenstår no berre massar frå tunnellen opp til magasinet, eit arbeid som er venta ferdig i januar.

I tillegg til eige bruk i prosjektet og til lokale i nærområdet, blir mesteparten av steinmassane frakta sjøvegen til Sandane og Bryggja, der lokale entreprenørar tek det vidare. Vi har jobba godt og lenge for å finne løysingar for å unngå å dumpe steinmasse i sjø. All masse vil no bli nytta til gode tiltak.

Parallelt med anleggsarbeidet blir det arbeidd med endeleg utforming av friluftsområdet i Lunden.


100 i sving på det meste

Det er Skanska som er hovudentreprenør for prosjektet, men mange ulike lokale underentreprenørar er i sving. I dag jobbar det kring femti personar frå ulike firma på anlegget, og seinare i utbyggingsfasen vil nær 100 vere i aktivitet på byggeplassen.

Mange av arbeidarane bur til dagleg på brakkerigg på anleggsområdet. I tillegg til denne, finst det brakkerigg for kontor og kantine. Sjølv om anleggsplassen er stor i dag, vil det etter utbygginga berre vere den nye portalen inn til kraftverket, og avløpet der vatnet skal komme ut, som vil vere synleg på utsida, fortel Eide.


Straum til 9000 bustadar
Det nye kraftverket skal erstatte det over 70 år gamle kraftverket som ligg i Øksenelvane i dag. Det nye kraftverket vil ha firedobla effekt og auke straumproduksjonen med 21 GWh, til 171 GWh. Det tilsvarer omtrent årleg straumbruk til 9000 bustadar.

Med nytt kraftverk, vassinntak og vasstunnel vil vi utnytte eksisterande vassressursar betre ved at vi kan regulere straumproduksjonen meir og raskare enn før. På den måten blir dette eit kraftverk som er spesielt tilpassa dagens kraftsituasjon med store svingningar i marknaden.

-Det er stor variasjon i etterspurnad og ikkje minst i straumproduksjonen ettersom vi i Noreg i dag har eit større innslag av ikkje-regulerbar produksjon i frå småkraft, vind og sol. Eit nytt kraftverk som dette er eit viktig bidrag, særleg fordi det gir meir effekt når behovet er størst, seier kommunikasjonssjef Lindvik.

På Facebook kan du følge oppdateringar frå prosjektet

Oppdatering frå september 2026: https://www.facebook.com/share/v/1C6MEfbLgk/

Oppdatering frå januar 2026: https://www.facebook.com/reel/1109407021198138

Vi planlegg ein ny open dag i Øksenelvane våren 2027, følg med her for meir informasjon.

  • Nyheitssak - Klarsignal frå NVE: Utbygginga i Øksenelvane startar i august
  • Nyheitssak - Skanska og Andritz skal stå for utbygginga av Nye Øksenelvane kraftverk
Image

Frå arbeidet inne i tunnellen

Image

Lekter er på plass for å frakte steinmassar vidare med båt

Image

Tunnellinnslaget til Nye Øksenelvane kraftverk. Foto: Øystein Torheim

Tilbake til forsida

Postadresse: Sørstrandsvegen 227 6823 Sandane Sentralbord 57 88 48 00 post@sfe.no

Nyttige lenker

  • DRIV-prisen
  • Nyvinn

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2026. Sogn og Fjordane Energi AS