
Publisert: 04.07.2025
Klarsignal frå NVE: Utbygginga i Øksenelvane startar i august
SFE har fått endeleg klarsignal frå NVE, og er klare til å starte bygginga av det nye effektkraftverket i Øksenelvane.
Arbeidet byrjar i midten av august, og markerer starten på ei av dei største kraftutbyggingane i Noreg i dag.
-Med godkjent detaljplan for miljø og landskap, er den siste brikka endeleg på plass, seier prosjektleiar Tore Feten i SFE. – Vi har jobba lenge og grundig med førebuingane, og no er alt klart til å setje i gang.
Dagens kraftstasjon i Øksenelvane er over 70 år, og på grunn av omfattande rehabiliteringsbehov vart den optimale løysinga å byggje ein ny kraftstasjon ved siden av den gamle.
-På den måten kan vi produsere straum her medan vi byggjer nytt, og med ny og større vasstunnel inni fjellet aukar vi både energimengda og effekten. Eit slikt moderne effektkraftverk er skreddarsydd for å levere kraft når etterspurnaden er størst, og vil bidra til å dempe pristoppane i marknaden.
Han legg til at eit kraftverk med avløp rett i sjø slik som dette, gjer det mogleg å regulere produksjonen raskt opp og ned fordi det ikkje vil vere påverknad på fiskebestand nedstraums.
Det nye anlegget vil auke årleg produksjon med 21 GWh og nær firedoble effektkapasiteten – frå dagens 28 MW til 110 MW.
Framtidsretta og miljøgunstig
Utbygginga byggjer vidare på eksisterande infrastruktur og krev minimale naturinngrep. Arbeidet vil i hovudsak skje inne i fjellet, i tillegg til at det blir laga til eit nytt område nede ved inngangen til kraftverket.
-I magasinområdet på fjellet skal vi etablere eit nytt inntak i magasinet Store Øksendalsvatn samt erstatte dagens lukehus med eit nytt, som blir godt tilpassa terrenget forklarar Feten.
Store aktørar på plass
Dei største leverandørane i prosjektet er Skanska og Andritz Hydro. Skanska skal stå for bygningsteknisk arbeid, medan Andritz Hydro mellom anna leverer turbinar, generatorar og kontrollanlegg. Kraftstasjonen vil få to aggregat på 55 MW kvar og bli liggjande ca 500 meter inne i fjellet.
-Dei første vekene i august vil Skanska starte arbeidet med å klargjere for tunnelboring og setje opp ein brakkerigg som skal huse dei som skal jobbe med kraftverket. På det meste vil over 50 personar ha arbeidsplassen sin i Øksenelvane under utbygginga.
Største investeringa i SFE si historie
Prosjektet representerer ei investering på ca 1,2 milliardar kroner – den største enkeltinvesteringa i SFE si historie. Konsernsjef i SFE, Knut Arild Flatjord er svært fornøgd med klarsignalet frå NVE.
-Dette er ein merkedag for SFE, men også for regionen vår. Vi står midt i ei avgjerande energiomstilling, og skal vi lukkast, treng både eksisterande og ny industri tilgang på meir fornybar kraft. Med ei solid prosjektportefølje og eit sterkt samfunnsoppdrag i botn, er SFE klare for å bidra.
Nye Øksenelvane er ikkje berre eit kraftverk – det er startskotet for ei ny kraftreise for SFE og for heile regionen.
Knut Arild Flatjord, konsernsjef
Kraftverket i Øksenelvane er venta å stå ferdig og klar til produksjon på slutten av 2028.