
Lokal verdiskapning
Lokal verdiskaping
Å produsere straum betyr å ta naturen i bruk – og gi noko tilbake til lokalsamfunna.
Lokal verdiskaping er eit viktig mål for SFE. Aktiviteten vår skapar positive ringverknader i regionen vår, både gjennom økonomiske bidrag og støtte til samfunnslivet.
Vi bidreg til lokal verdiskaping gjennom:
- Økonomiske overføringar i form av utbyte, skattar og avgifter til eigarar og vertskommunar
- Arbeidsplassar direkte i SFE og hos lokale leverandørar
- Sponsoraktivitetar og støtte til lokale idrettslag, kulturtilbod og frivillige initiativ
- Samarbeid med skular, høgskular, forskingsmiljø og næringsliv for å styrke kunnskap, rekruttering og innovasjon
- Deltaking i forskingsprosjekt som utviklar fornybar energi og lokal verdiskaping vidare (døme kjem)
Gjennom desse bidraga medverkar vi til å skape bulyst, skaparglede og eitberekraftig grunnlag for vidare utvikling i regionen vår.
Kva gjer vi som bidreg til lokal verdiskaping?
Gjennom lokale og regionale samarbeid med skular, forsking, næringsliv, rekruttering og lag/organisasjonar bidreg vi til lokal verdiskaping i lokalsamfunna våre.
