Tilbake til forsida

Klimatiltak

SFE er ein aktiv bidragsytar som arbeider kontinuerleg med å løyse klimautfordringane vi står overfor. Som kraftprodusent har vi eit ansvar – og vi tek det på alvor. Vi leverer fornybar energi til samfunnet, og vi utviklar nye grøne som kan bidra endå meir.

Sjølv om vi produserer rein energi, medfører aktiviteten vår faktiske klimagassutslepp.
For å få oversikt over både direkte og indirekte utslepp, fører vi klimagassrekneskap for konsernet samla og i dei største prosjekta våre. 

Våre viktigaste klimatiltak

Dei største utsleppa våre er knytte til materialbruk, bruk av tungmaskineri og anna utstyr ved bygging-, drift og vedlikehald av anlegga våre. Derfor gjennomfører vi fleire tiltak for å redusere klimagassavtrykket vårt:

  • Strenge krav ved innkjøp:
    Vi stiller konkrete krav til klima- og miljøprestasjonar hos våre leverandørar og samarbeidspartnarar.
  • Optimalisering av ressursbruk:
    Vi arbeider for å redusere bruken av fossilt drivstoff, stål, areal og betong. I prosjekta våre nytter vi ut lågutsleppsbetong der det er mogleg.
  • Klimavennlege teknologival:
    Vi vel, så langt mogleg, klimavennlege alternativ til SF6-gass som isolasjonsmedium i nye brytaranlegg.
  • Elektrifisering av køyretøy:
    Elektriske køyretøy er hovudvalet vårt så lenge framkommelegheit og beredskap vert ivaretatt.
    Det er installert ladarar for el-bil ved alle av SFEs kraftverk og oppmøteplassar.

Klimarisiko og tilpassing
Vi erkjenner at både samfunnet og vår eigen verksemd står overfor akutte og kroniske klimarisikoar, som kan påverke aktiviteten vår fysisk og økonomisk, i dag og i framtida.

Derfor arbeider vi aktivt med å:

  • Identifisere klimarisikoar for våre anlegg og prosjekt
  • Utvikle tiltak som styrkar motstandskrafta vår mot eit villare og våtare vestlandsklima

Natur- og miljøtiltak

For å kunne løyse klimautfordringane, er det naudsynt å utvinne meir fornybar energi i åra framover.

Les meir

Natur- og miljøtiltak