Tilbake til forsida
Eldre bilete av Nedre Sødal demning

Med krafthistorie frå 100 år tilbake

Historia vår

Sogn og Fjordane Energi (SFE) har røter tilbake til 1908, og er eit resultat av samanslåingar av fleire lokale kraft- og nettselskap i Nordfjord og Sunnfjord i Sogn og Fjordane som Gloppen Energiverk (GEV), Eid Energi, Ytre Fjordane kraftverk (YFK), Firdakraft og Vestlandske kraftsamband.

I 2003 vart Sogn og Fjordane Energi etablert som eit konsern med forretningsverksemdene kraftproduksjon (SFE Produksjon), straumnett (SFE Nett) og sal av straum (SFE Kraft). Konsernet kjøpte seinare Elkem sine kraftanlegg i Svelgen.

I 2021 danna SFE kraftsals-selskapet Wattn, i lag med Tafjord, Tussa og Sognekraft. I 2023 fusjonerte SFE sitt straumnettselskap Linja (tidlegare SFE Nett) med Mørenett. Både Wattn og Linja er i dag sjølvstendige selskap og ikkje lenger heileigde selskap av konsernet. SFE er i dag ein rein kraftprodusent med produksjonsanlegg og forretningslokasjonar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Hovudkontoret er på Sandane.

Søk sponsorstøtte hos oss

Kvart einaste år samarbeider SFE med fleire titals lag, organisasjonar og arrangement i Sogn og Fjordane.

Søk sponsorstøtte

Søk sponsorstøtte hos oss