
Publisert: 14.02.2026
Utrygg is på regulerte vatn
Islagde vatn kan vere ein flott arena for leik og aktivitet, men hugs at isen ikkje alltid er trygg. Spesielt gjeld dette regulerte vatn.
Skal du på ski, skøyter eller fottur i vinterferien? Islagde vatn kan vere ein flott arena for leik og aktivitet, men hugs at isen ikkje alltid er trygg.
Ver særleg merksam på regulerte vatn – altså vatn som blir nytta til kraftproduksjon. Her kan isen vere svekka og dårlegare enn på andre vatn, spesielt der vatnet er i rørsle. Det gjeld mellom anna:
- område ved inntak og utløp av vasstunnellar
- ved bekkar, bekkjeinntak og elveosar
- både langs land og ute på sjølve vatnet
På nedtappa vatn kan det òg danne seg store sprekker langs land. Desse kan vere skjulte under snø og vanskelege å sjå.
Ein god regel er derfor å halde seg unna regulerte vatn. Sjå alltid etter skilting i området og sjekk iskart.no før du dreg på tur.
Og hugs: Sjølv om det ikkje er meldt om særleg fare, må du alltid vurdere tryggleiken der du er.
Vi ønskjer deg ein god og trygg tur i naturen!