
Publisert: 27.03.2026
Solid resultat for SFE trass låge kraftprisar
Førebels rekneskap frå Sogn og Fjordane Energi viser eit sterkt årsresultat for 2025 på 364 millionar kroner. Dette trass svært låge kraftprisar på Nordvestlandet i fjor. Resultatet er over 100 millionar betre enn året før
Solid resultat for SFE trass låge kraftprisar
Førebels rekneskap frå Sogn og Fjordane Energi viser eit sterkt årsresultat for 2025 på 364 millionar kroner. Dette trass svært låge kraftprisar på Nordvestlandet i fjor. Resultatet er over 100 millionar betre enn året før.
Med unntak av det nedbørsrike koronaåret i 2020 må vi tilbake til 2015 for å finne lågare prisnivå i NO3 – enn vi såg i 2025.
- At vi har eit så godt resultat i eit år med svake kraftprisar seier noko om produksjonsapparatet vårt og ikkje minst dyktigheita til våre tilsette. Kompetente tilsette ute i anlegga våre har mykje av æra for våre driftsklare og solide kraftverk. Resultatet kjem ikkje av seg sjølv – det er skapt av heile laget i SFE, seier konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Knut Arild Flatjord.
Svært høg produksjon
SFE produserte totalt 2 412 GWh i 2025 – ei av dei høgste årsproduksjonane i selskapet si historie. Det nedbørsrike året gav gode tilsig, men resultatet speglar også ei fleksibel anleggsmasse med god magasinkapasitet.
-Naturen i vårt område, gir dei beste føresetnadar for straumproduksjon, med høgtliggande, djupe fjellvatn og bratte fjellsider ned i fjorden. Med kraftverk plassert ved sjøen, kan vi raskt regulere produksjonen etter samfunnets behov for straum, utan at det påverkar vassdrag nedstraums, fortel Flatjord.
239 millionar i inntekter frå magasin
- Det at vi har god reguleringsevne i magasina våre og fleksibiliteten dette gir, gav ei ekstra inntekt på 239 millionar i fjoråret. Mesteparten av anlegga våre har utløp direkte i sjø, og nettopp dette gir oss evna til å regulere produksjonen raskt opp og ned. Dette gjer SFE til ein viktig bidragsytar når Statnett skal sikre balanse mellom produksjon og forbruk i straumnettet, seier Flatjord.
Også nettselskapet Linja, som Sogn og Fjordane Energi eig 33,3% av, leverer eit godt resultat i 2025, noko som styrkar SFE sitt resultat.
Utbyte på 162 millionar kroner
Det blir foreslått eit utbyte på 162 millionar kroner til eigarane. Styrebehandling av resultatet skjer i april. Rekneskapen er førebels og årsrapporten for 2025 vil bli offentleggjort i slutten av april.
Fleire utbyggingar i sikte
Samtidig som Øksenelvane er under bygging, arbeider SFE vidare med fleire nye prosjekt i ulike fasar. Mot slutten av året skal selskapet ta stilling til eventuell utbygging av Bredvatn og Insteelvane kraftverk i Bremanger, som vil bidra med ytterlegare 100 GWh fornybar kraftproduksjon i regionen.
- I fjor starta vi utbygginga av Nye Øksenelvane – vår største investering nokon sinne, samtidig som vi har eit godt resultat. Det viser at vi har vilje, evne og kraft til å levere på ambisjonane våre om vidare vekst. Våre 113 tilsette og drifta til selskapet bidrar også til stor verdiskaping i regionen og eg gler meg stort til framtida, avsluttar konsernsjefen.