Program Kraft i Vest
11:00-11:45 - Lunsj på Gloppen Hotell
Torsdag 25. september (12:00 til 17:00)
12:00 Opning ved konsernsjef Knut Arild Flatjord
Tillit og samarbeid i ei brytningstid
Korleis skapar vi samarbeid og utvikling i ei tid der tilliten menneska har til kvarandre, styresmakter og organisasjonar er under press.
- Kristin Clemet, dagleg leiar, Civita
- Ole Erik Almlid, administrerande direktør, NHO
- Panelsamtale
Pause frå 13:10-13:25
Den viktige lokale forankringa
Både nye og etablerte industriverksemder deler sine erfaringar om kva som skal til for å lukkast med verdiskaping, forankring og gode partnarskap i lokalsamfunna.
- Anveig Bjordal Halkjelsvik, fabrikksjef, Hydro Årdal
- Roger Flølo, dagleg leiar, Nyvinn – om biogassprosjektet på Byrkjelo
- Marte Vassbotten, prosjekt- og berekraftsansvarleg, Steinvik-gruppa
Å gjenskape tapt tillit
Tilliten til både fornybar energi som vare og kraftbransjen som industri blir tidvis sett på stor prøve. Kva har ein lært, og kva kan fornybarnæringa gjere for å gjenskape tilliten?
- Bård Vegar Solhjell, administrerande direktør, Fornybar Norge
Pause frå 14:55-15:20
DRIV-prisen for grøn innovasjon
Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland. Den skal premiere og inspirere idear, teknologi og menneske som siktar mot å bli ein viktig del av klimaløysinga.
- Presentasjon av dei tre nominerte og utdelinga av DRIV-prisen 2025
Handel, samarbeid og økonomisk utvikling
15:50-16:50
Kva kan den geopolitiske situasjonen og det internasjonale handelsbilete få å seie for økonomien og næringslivet i åra framover? Kva utvikling kan vi i tillegg vente oss på kraft- og energiområdet?
- Katinka Bogaard, administrerande direktør, Volt Power Analytics
- Ola H. Grytten, professor, NHH
Festmiddag på Gloppen Hotell
Klokka 19 møtast vi for ein aperitif på Gloppen Hotell, før den tradisjonsrike festmiddagen på hotellet. Det blir lokale smaker og underhaldning ved artist Gunn Kvaale.

Fredag 26. september (08:30 til 12:30)
Kunstig intelligens – når tåka lettar!
08:30 - 09:20
Bak "hypen" ligg det store moglegheiter for del som klarer å bruke KI ansvarleg og effektivt. Korleis kan du nytte det til reell verdiskaping?
- Elin Hauge, futurist og ekspert på teknologi/KI
Den krevjande balansen
09:20 -10:15
Korleis balanserer vi omsynet til lokal verdiskaping og utvikling, natur- og landskapsvern, og storsamfunnet sine behov og forventningar? Og korleis sikrar vi tilliten til dei lokale, demokratiske prosessane?
- Jenny Følling, ordførar, Sunnfjord kommune
- Helene Ødven, nestleiar i Naturvernforbundet
Etter innlegga frå Jenny Følling og Helene Ødven, vert det panelsamtale med:
- Jenny Følling, ordfører, Sunnfjord kommune
- Helene Ødven, nestleiar i Naturvernforbundet
- Petter Sortland, ordførar, Høyanger kommune
- Tom Joensen, kommunedirektør Bremanger kommune
- Terje Bakke Nævdal, konsernsjef i Sognekraft
Pause frå 10:15 - 10:35
Leiarideala – før og no
10:35-11:20
Set leiarskapen vi ser i m.a. amerikansk politikk ein ny standard for kva som vil bli akseptert av leiing, sanning og moralsk kompass? Kan historia lære oss noko om korleis leiarar kan samle folk og skape tillit?
- Hans Olav Lahlum, forfattar og historikar
Det store VI
11:20-12:10
Alle ønskjer seg meir samhald, meir fellesskap, og meir "team". Men korleis skapar ein den gode følelsen av samhøyrsle?
- Harald Eia, sosiolog, komikar og programleiar
12:10 - 12:15 Avslutning
12:30 - Lunsj på Gloppen Hotell
Påmelding Kraft i Vest 2025I år som i fjor blir det Kraftseminar Nordfjord i samband med Kraft i Vest-konferansen. Dette er eit eige seminar der vi rettar lupa mot Nordfjord-regionen. Vi ser mellom anna på kvar det er behov for meir kraft, ulike satsingar innan grøn vekst og verdiskaping, og kva planar det er for utbygging av både linje- og produksjonskapasitet. De møter SFE, Linja, Invest in Fjordane, Nordfjord Havn, Nyvinn og Sparebank 1 Sogn og Fjordane.
Program Nordfjordseminaret