Avtalevilkår SFE Web spot

Avtalevilkår for SFE WEB Spot 

Generelt 
Avtalen er mellom deg som kunde (kunden, du) og SFE Kraft AS (SFE Kraft, vi), orgnr. 984882076 som kraftleverandør. Avtalen kan berre tingast av privatpersonar. 

For denne avtalen gjeld Standard kraftleveringsavtale av 01.01.2017, utarbeida av Forbrukertilsynet og bransjeorganisasjonen Energi Norge. I tillegg gjeld følgjande avtalevilkår: 

Produkt 
SFE Web Spot er ein avtale der kraftprisen følgjer marknadsprisane (timreprisane) på kraftbørsen Nord Pool i det området der krafta vert levert.  

SFE Web Spot er eit digitalt kundeprodukt. Det tyder at:  

• All kommunikasjon vert gitt digitalt, til dømes via app, e-post eller SMS  
• Du mottek faktura elektronisk, i kombinasjon med AvtaleGiro  
• Du har ansvar for at «Di side» til ei kvar tid er oppdatert med rett e-postadresse og mobiltelefonnummer  
 
Dersom du ikkje har fulgt opp vilkåra for å vere e-kunde innan andre faktureringsperiode eller seinare bryt vilkåra kan du bli overført til avtalen SFE Spot. 

Bestilling 
Ved bestilling gir du oss fullmakt til: 

  • Å setje i verk og melde inn leverandørbyte til nettselskapet 

  • Å hente inn nødvendige opplysningar frå netteigar for å gjennomføre leverandørbyte 

  • Å melde ut- og innflytting til nettselskapet ved flytting 

Vi kredittvurderer våre kundar og kan avslå/avslutte ein leveranse eller krevje garanti/ forskotsbetaling  dersom det ligg føre sakleg grunn til det.  

Kundeinformasjon og kommunikasjon 
Du vil få tilgang til «Di side» på www.sfekraft.no, der du finn all informasjon om avtalen og produktet ditt. Vi har lagt til rette for at det meste av kundekommunikasjonen kan gjerast digitalt. Det føreset at du som kunde oppdaterer oss med til ei kvar tid gjeldande e-postadresse og mobiltelefonnummer. Dette gjer du lettast på «Di side». Alle personopplysningar vil bli handsama konfidensielt, i samsvar med SFE Kraft sine Retningslinjer for personvern. 

Varsling om pris- og avtaleendringar skjer via e-post eller sms, eventuelt i informasjonsfelt på fakturaDu vil og kunne  nyheitsbrev og anna informasjon om aktuelle nyheiter og tilbod frå SFE Kraft og våre samarbeidspartnarar på digitale media, som e-post, sms og liknandePå «Di side» kan du til ei kvar tid oppdatere samtykke til å motta informasjon frå oss og endre andre varsel dersom du ønskjer det. 

Levering 
Avtalen gjeld frå dato for avtaleinngåing. Ved byte av leverandør kan det ta frå 1 til 3 veker før vi starter leveransen. 

Betaling 
Avtalen omfattar kunden sitt forbruk av elektrisk kraft. Kunden betalar spotpris med eit avtalt påslag per kWh per månad. Påslaget inkluderer kostnader for lovpålagte Elsertifikat.  

For timemålte anlegg vert forbruket avrekna time for time mot spotprisen henta frå Nord Pool i det prisområdet anlegget tilhøyrer. (For profilmålte anlegg blir gjennomsnittlig spotpris lagt til grunn)SFE Kraft fakturerer etterskotsvis for ei periode på 1 månad. Fakturaperioden sluttar til vanleg siste dag i månaden.  

For kundar som ikkje opprettar avtale om elektronisk faktura, vil det bli lagt til eit gebyr for produksjon og utsending av papirfaktura. Oppdaterte prisar finn du på www.sfekraft.no. 

Prisendring 
SFE Kraft kan ikke gjere endringar i påslag og fastledd før tidligst 12 måneder etter avtaleinngåelse. Eventuelle endringer  skal varlses med 14 dagars varselPrisendringar blir varsla direkte til deg på e-post, sms eller annan eigna måte. 

Gjennomfakturering 
I nettområde der SFE Kraft har avtale med det lokale nettselskapet (netteigaren) om gjennomfakturering, vil SFE Kraft fakturere - og eventuelt kreditere - nettleige på vegne av netteigarenVed bestilling av denne kraftavtalen gir kunden SFE Kraft fullmakt til å hente inn nødvendige opplysningar frå netteigaren for å gjennomfakturere nettleige. Avtale om gjennomfakturering påverkar elles ikkje kunden sin tilknytningsavtale med netteigaren (Nettleigeavtalen). Usemje eller spørsmål knytt til nettleiga må derfor takast opp direkte med det lokale nettselskapet. 

Gjennomfakturering kan føre til endra intervall og forfallsdato på faktura. Om gjennomfakturering av ulike årsaker ikkje kan gjennomførast, vil nettleiga bli fakturert direkte frå det lokale nettselskapet.  

Ved oppseiing av denne kraftavtalen, vert også gjennomfakturering av nettleige avslutta. 

Angrerett 
Privatkundar har angrerett i 14 dagar frå inngåing av avtalen, jf. § 1-4 i Standard kraftleveringsavtale og Angrerettlova. For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen før angrefristen går ut. Bruk av angreretten vil til vanleg medføre at leveransen blir kansellert frå dato for oppstart. Ved bruk av angreretten i samband med leverandørbytte blir melding om kansellering sendt til tidlegare leverandør via Elhub. SFE Kraft er ikkje ansvarleg for behandling av kanselleringa hos tidlegare leverandør. Leveransen av kraft kan ta til før angrefristen er ute. Dersom leveransen ikkje kan kansellerast frå oppstartsdato må du betale for kraft som er levert av SFE Kraft fram til leveransen tidlegast kan bli avslutta. 

Oppseiing/Varighet 
Avtalen har ikkje bindingstid, og kan seiast opp av begge partar med 14 dagars skriftleg varsel. Ved flytting kan avtalen følgje deg til ny adresse. 

Avtalen gjelder i 12 måneder fra oppstart. Når kampanjeperioden er over flyttes målepunktet over til vår standard spotavtale.  

Endring av avtalevilkår 
Desse avtalevilkåra er sist oppdatert 25.03.2021. Avtalevilkåra kan endrast med 14. dagars varsel. Oppdatert avtale finn du på www.sfekraft.no eller Di side (https://miside.sfe.no/Users/Account/). Varsling om endring vert gitt direkte til deg på e-post, sms eller annan eigna måte.