Eit langt, godt og lokalt samarbeid

SFE <picture/>

Sidan 1994 har SFE Kraft fått levere straum til Mona Vekst. I takt med tenester, produksjon og antal driftsbygningar har straumforbruket til bedrifta auka med åra, og desto viktigare er det for Mona Vekst å vere sikker på at dei kan stole på oss som straumleverandør.

Verdi utover sjølve straumen
I eit hav av tilbod og tilbydarar ser Mona Vekst verdien av det å velje lokale samarbeidspartnarar, også utover prisaspektet. – Viktige verdiar for oss med tanke på samarbeidspartnarar er den lokale forankringa, det å gi tilbake til lokalsamfunnet og støtte kvarandre i kvardagen vi står i. Sjølvsagt er pris ein viktig faktor, men til slutt dreier det seg om så mykje meir enn berre kWh, seier Birgith Hjelle Roset, dagleg leiar i Mona Vekst. Det å velje lokale bedrifter er igjen med å skape lokale ringverknadar. - Det er snakk om lokale arbeidsplassar som gir skatteinntekter til kommunen og det legg vi stor vekt på. Det bidrar til vekst i kommunen vår og er med å trygge eigaren vår, fortset Birgith.

Ein viktig støttespelar
Mona Vekst produserer og utfører oppdrag for næringslivet i regionen. Det største arbeidsområdet er industrivaskeriet som har ein kapasitet på ca. 700 tonn tøy per år, og leverer tenester til helseinstitusjonar, hotell og lokale privat -og bedriftskundar. Med stor produksjon og kundar som er avhengig av Mona vekst sine tenester, er det viktig for dei å vete at dei også har gode leverandørar i ryggen. - Kort responstid, strålande service og god kjennskap til bedrifta vår gir tryggleik som er vanskeleg å verdsette i øre/kWh, seier Birgith.

Frå kraftbransjen til sjefsstolen
Sjølv kjem Birgith frå kraftbransjen og veit kva som rører seg ute i markedet på både godt og vondt. Med denne erfaringa gir ho bedrifta ei verdifull erfaring og betre forutsetningar for å stille dei rette spørsmål når konkurrerande straumleverndørar kjem på bana med tilsynelatande gode tilbod. - Mi fortid i kraftbransjen er på ingen måte avgjerande i Mona Vekst sitt val av kraftleverandør. Som leiar må eg tenke lønsamheit og innsparing i alt eg gjer for bedrifta, men det at SFE har ærlege produkt med ein forståeleg pris har vert avgjerande for vårt val, seier Birgith.

Enkel oversikt
Vi er ikkje lenger enn eit tastetrykk unna, men for Birgith ser ho verdien av å kunne ha oversikt tilgjengeleg når det passar ho. – Eg vil påstå at det å logge seg inn på Mi side hjelp meg med det meste eg treng å finne ut av. Gode sider som er lett å logge seg inn på, lett å finne fram i og er innbydande er ei fin oppleving. Eg opplever ikkje «spam», og lar meg overraske over den ærlege framstillinga SFE har. Eg føler meg ivaretatt som kunde, avsluttar Birgith.

Tusen takk til Birgith og Mona Vekst for det gode og viktige samarbeidet!