Spørsmål og svar om Wattn

Kvifor får eg ordrebekrefting og velkomstbrev frå Wattn når eg bestiller på SFE Kraft? Tidligare i år fusjonerte SFE Kraft med straumselskapa Tafjord Marked, Tussa-24 og Sognekraft, og blei til det nye straumselskapet Wattn. Frå 1 oktober er alle selskapa over i same system, og derfor kjem all kommunikasjon frå Wattn, og ikkje lenger SFE Kraft. 

Kvifor har de ikkje dei gamle straumavtalene lenger?
Nytt selskap, nye produkt. Når vi fusjonerte saman fire straumselskap som alle hadde sine straumavtaler, blei det naturleg at vi laga nye og felles straumavtaler i Wattn.  

Kva skjer med samarbeidet med Plan International, og straumavtala God straum?Avtalen Sogn og Fjordane Energi og SFE Kraft har med Plan International går ut 2021, og vi må saman med dei andre partane ta ein fot i bakken, før vi kjem tilbake med meir informasjon om dette seinare. Derfor er salet av straumavtala God straum også satt på pause. Alle som har God straum i dag, får denne med seg vidare inn i Wattn.

Kvifor fungerer ikkje mi side?
Du kan fortsatt logge inn å sjå historisk forbruk og faktura, men dessverre ikkje gjere endringar på Mi side mens vi jobbar for å få alle kundar over i nytt kundesystem. Når vi lanserar Wattn i oktober/november, vil du kunne logge på Mi side igjen, og gjere endringar som tidlegare. Om du treng å gjere endringar eller har spørsmål i denne perioden, så må du gjerne ta kontakt med oss direkte.

Kvifor fungerer ikkje kundeappen?
Fordi vi legg om til nytt system er kundeappen dessverre ikkje tilgjengeleg i tidsrommet 28. september til 5. oktober. Om du treng å gjere endringar eller har spørsmål i denne perioden, så må du gjerne ta kontakt med oss direkte. Frå den 5. oktober kan du logge på appen igjen og sjå historisk forbruk og faktura.

Får eg endring i pris på avtalen min i Wattn?
For dei aller fleste er det ingen endring i pris og vilkår. Dei som har fått små endringar har fått direkte varsling om det.

Kva skjer med arbeidsplassar og lokalt engasjement i Wattn?
Alle som jobba i dei ulike selskapa er med vidare! Og du treng aldri vere i tvil om at vi er det lokale straumselskapet ditt. No kan du faktisk finne oss fleire plassar i lokalområdet. Vi har kontor på Sandane, Førde, Florø, Vik i Sogn, Ørsta og Ålesund. I Wattn ønsker vi å bidra til vekst og utvikling, og på den måten vise samfunnsengasjementet vårt.