Tilbake til forsida
Bilete av fire personar rundt eit bord.

Møt våre tilsette

I SFE jobbar vi innan mange ulike fagområde og har med ulik kompetanse inn i arbeidskvardagen.

Fellesnemnaren vår er at vi i lag skaper den fornybare framtida. Bli kjend med nokon av våre tilsette her.

Diego kjem frå Brasil og har jobba som systemingeniør i SFE sidan 2019. Han er busett på Breim i Gloppen i lag med kone og barn. I SFE jobbar han på avdelinga IKT og digitalisering, spesialfeltet hans er programmering og koding av skreddarsydde løysingar.

Systemingeniør Diego

Systemingeniør Diego

Gry Therese kjem frå Bømlo og er busett i Hyen i lag med mann og to barn. Ho har fagbrev som elektrikar og automatikar og har jobba i SFE sidan 2022. Som automasjonsteknikar jobbar ho med drift og vedlikehald av kraftverk.

Automasjonsteknikar Gry Therese

Automasjonsteknikar Gry Therese

Mats bur i Svelgen og er lærling innan energioperatørfaget, etter å ha gått VG2 Elenergi og ekom. I læretida jobbar han med overvåking, drift og vedlikehald av kraftverka våre.

Energimontørlærling Mats

Energimontørlærling Mats

Vil du vere med og digitalisere fornybarsamfunnet?

SFE er eitt av dei største energiselskapa på Vestlandet, og har i dag 100 engasjerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar innan eit mangfald av fagområde.

Les mer

Vil du vere med og digitalisere fornybarsamfunnet?