Tilbake til forsida
  • Kraftproduksjon
  • Karriere
  • Om oss
  • Kontakt
  1. Heim
  2. >
  3. Karriere i SFE
  4. >
  5. Studentar
Bilete av tre unge gutar med ryggen til, på Karrieremesse

Student – samarbeid med SFE

Er du interessert i praksisopphald, oppgåveskriving eller anna samarbeid med SFE?

Vi har lang erfaring med å samarbeide med studentar. Enten du ønskjer praksisopphald, skal skrive bachelor- eller masteroppgåve, eller representerer ei linjeforeining og vil samarbeide, høyrer vi gjerne frå deg!

Forslag til oppgåver:

1. Kvar skal framtidas industri liggje?
Kraftkrevjande industri og datasenter leitar etter område med straum, nett, areal og hamn. Du skal finne ut kva kriterium som avgjer, og rangere konkrete område i Vestland. Spillvarme og lokale avtakarar av varme kan gjere eit område meir attraktivt. Passar for: energisystem, industriell økonomi, GIS.

2. Frå fiskeslam til biogass og fosfor
Havbruket produserer store mengder slam. Det kan bli fornybar energi og fosfor, som EU har på lista over kritiske råvarer. Du skal rekne på kostnad og miljøeffekt, og vurdere kva som skal til for å lukkast. Passar for: prosessteknikk, miljø, sirkulærøkonomi.

3. Korleis vel ein vinnarane i den grøne omstillinga?
Hydrogen, batteri, e-fuels og Powered Land: ikkje alle prosjekt kjem til å lukkast. Du skal finne ut korleis ein bør setje saman og styre ein portefølje av fornybarprosjekt i tidleg fase. Kva kan ein lære av suksessar og feilsteg i bransjen? Passar for: finans, strategi, industriell økonomi.

4. Batteri i ein vasskraftregion – lønsamt eller ikkje?
Kan batterilager i NO3 tene pengar på fleire marknader samstundes? Du skal optimere drifta med ekte prisdata og finne ut om batteri lønner seg i ein region med mykje regulerbar vasskraft. Passar for: optimering, energimarknad, data.

5. Kjernekraft i Sogn og Fjordane?
Små modulære reaktorar (SMR) er i mediebildet. Du skal finne ut kva som må til for at denne teknologien kan konkurrere med vind, sol og vasskraft, og kva rolle eit regionalt kraftselskap bør ta tidleg i prosessen. Passar for: energiøkonomi, regulering, samfunnsplanlegging.

6. Energi til havbruket – den neste store marknaden?
Havbruket vert elektrifisert, både merdanlegg, brønnbåtar og landbasert oppdrett. Du skal kartleggje kor mykje energi og effekt næringa vil trenge, korleis det best kan løysast og om spillvarme frå industri i nærleiken kan spele ei viktig rolle. Ut frå det skal du lage forretningsmodellar for eit kraftselskap. Passar for: energiplanlegging, havbruk, forretningsutvikling.

Kontakt oss

Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat – saman kan vi finne gode moglegheiter.

Kontakt

Kontakt oss
Tilbake til forsida

Postadresse: Sørstrandsvegen 227 6823 Sandane Sentralbord 57 88 48 00 post@sfe.no

Nyttige lenker

  • DRIV-prisen
  • Nyvinn

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2026. Sogn og Fjordane Energi AS