
Sommarjobb i SFE
– Ein inngang til framtida!
Ein sommarjobb hos oss er ein flott måte å bli kjend med SFE på. Kanskje er dette starten på ei framtidig karriere innan fornybar energi?
Dersom du er i gang med ein bachelor- eller mastergrad innan relevante fagområde –til dømes elkraft, fornybar energi eller andre ingeniørfag – kan du søke sommarjobb ved vårt hovudkontor på Sandane. Her vil du få moglegheiten til å arbeide med prosjektoppgåver, teknisk dokumentasjon eller anna fagleg arbeid knytt til kraftproduksjon.
Vi utlyser også sommarvikarar til enkle vedlikehaldsoppgåver ved kraftanlegga våre, som plenslått, målearbeid og anna praktisk arbeid. Desse stillingane er aktuelle ved anlegg i Åskåra, Svelgen og Gloppen, og passar godt for deg som likar fysisk arbeid. Kanskje er du i gang med ei yrkesfagleg utdanning innan elektrofag?
Det er ein fordel om du er over 18 år og har førarkort, men dette er ikkje eit krav.
