Opna nytt, stort kraftverk i Sogn

SFE <picture/>

Det nye vasskraftverket i Østerbø blei offisielt opna 13. juni. Dette er eit av dei få store kraftverka som er bygd i Noreg dei siste åra, og årleg produksjon her tilsvarer straumbruken på ei av fergene mellom Lavik og Opedal i heile 50 år.

Ein stor dag for Vestland fylke! Skal vi lukkast med den grøne omstillinga og nå ambisiøse klimamål må vi få fram mykje ny og fornybar kraftproduksjon for å dekke opp for den elektrifiseringa som må skje.

Dette sa Fylkesordførar Jon Askeland då han trykka på knappen for å starte kraftverket. På storskjerm fekk dei frammøtte sjå og høyre vatnet som tok til å buldre tre etasjar lenger ned i stasjonen.

Ein natur skapt for kraftproduksjon
Prosjektleiar for utbygginga, Arild Bruland i Sogn og Fjordane Energi (SFE) kan fortelje at naturen i området i Østerbø er særs godt egna for kraftproduksjon.

Her ligg alt til rette for produksjon av straum, med minimal påverknad på naturen. Hovudmagasinet Nykjevatnet er ein naturleg 200 meter djup dam som ligg 614 moh og dermed er det ikkje demd ned noko landområde. Tunnelsystem i fjell gjer at anlegget har eit marginalt avtrykk på naturmiljø og biodiversitet.

At dette også er eit område med mykje nedbør, er ein klar fordel når ein produserer straum frå vasskraft.Kraftverket bidreg med 165 GWh fornybar kraft pr år, og er dermed det femte største som har blitt bygd i Norge på to år. SFE er eigar av Østerbø kraftverk og Eviny Fornybar har medeigarrett til 42% av kraftproduksjonen.

Eit kraftverk for framtida
Vasskraft med magasin har stor verdi i kraftsystemet fordi magasinet fungerer som eit batteri – ein kan produsere etter behovet for straum i marknaden.

Dette eit topp moderne kraftverk som er svært godt tilpassa framtidas kraftsystem. I tillegg til det store volumet ny fornybar energi tilfører kraftverket eit stort batteri/magasin og stor reguleringsevne, som blir stadig viktigare for å balansere kraftsystemet når det framover kjem inn mykje ny uregulerbar fornybar kraft, seier Bruland.

Positive ringverknadar
- Dette er ein stor dag for bygda og kommunen. Med dette har bygda fått tilgang til store kraftressurser og eit solid straumnett, og no ligg alt til rette for etablering av ny næring her på sørsida av Sognefjorden.

Dette seier seier varaordførar og grunneigar Geir Helge Østerbø. Kontorbygget som utbyggjar bygde til drifta av det store prosjektet, som på det meste hadde 100 personar i sving, har Østerbø Maskin AS fått kjøpe. Masse i frå tunnelane har blitt brukt til å lage klart nye næringsareal.

Lokalbefolkninga her er godt nøgde med å ha fått ein ny ferdselsåre opp på fjellet. Dei nye vegane gir no alle ein lettare tilgang til Stølsheimen, som er eit ynda friluftsområde for folk i området, seier Østerbø.

Ein 7,2 kilometer lang veg som går frå fjorden og 600 meter opp til tunnelinnslaget ved Rustelvane. Her kan ein kome seg opp på fjellet på ti minutt med bil. Vegen er og ein fin turveg og i enden av vegen ligg Stegane. Her har tbyggar reist fem nye sel på gamle grunnmurar.

I tillegg har grunneigarane fått ein veg til Fossestølen, innfallsporten til Stølsheimen.