KRITERIUM OG FRISTAR

SFE <picture/>

Kvart år mottek SFE langt fleire søknader om sponsormidlar enn vi har høve til å imøtekome. Vi prøver å finne ein best mogleg balanse mellom ulike regionar og ulike føremål, og spesielt ser vi etter følgjande i prosjekta vi støttar:

  • Føremålet skal vere inkluderande og engasjere så mange som mogleg i lokalsamfunnet eller regionen
  • Søkjar skal ha ein ordna økonomi og eit tydeleg føremål med aktiviteten
  • Samarbeidet med SFE skal synleggjerast så langt det fell seg naturleg

Vi støttar ikkje:

  • Føremål som er i strid med våre grunnleggjande verdiar eller etiske retningslinjer
  • Politiske organisasjonar eller aktivitetar
  • Kommersielle organisasjonar eller aktivitetar

Som regel støttar vi heller ikkje enkeltpersonar/-utøvarar – berre der støtta går gjennom ein klubb/lag, og der ein i samråd med klubben/laget vél å knyte samarbeidet til éin eller fleire enkeltutøvarar. 

Søknadsfristar:

  • 15. april
  • 15. august
  • 15. november

Om vi endrar søknadsfristane gjer vi det i god tid, så vi oppmodar om å sjekke denne sida for endringar så snart du veit at du har eit formål du ønskjer støtte til.

Handsaming mellom fristane:

Vi handsamar søknadar om midlar inntil kr 2000,- fortløpande. Søknadar om høgare beløp enn dette blir handsama i etterkant av neste søknadsfrist. 

Link block image

Søknadar blir handsama etter tre fristar: 15. april, 15. august og 15. november. Berre søknader opp til 2000 kr blir handsama mellom fristane.

SFE previewImg

For å søke sponsorstøtte må vårt elektroniske søknadsskjema nyttast.

Les meir