SFE Kraft skiftar namn til Wattn

SFE <picture/>

Vi gjer oss klare til lansering av straumselskapet Wattn, og har samla litt viktig informasjon til deg som er straumkunde hos oss. Vi håpar på forståing for at du kan oppleve noko lengre behandlingstid i denne perioden.

Straumavtalen din

  • Avtalen/avtalane du har med SFE Kraft vert vidareført til Wattn.
  • Vi skifter namn på straumavtalane våre, men pris og vilkår vert ikkje endra*
  • Betalingsfristar vert vidareført for eksisterande kundar
  • Når ny Mi side, kundeapp og bedriftsportal blir lansert, vil du få tilsendt informasjon om innlogging. Her vil du finne utfyllande informasjon om kundeforholdet ditt og gjeldande avtale. 

Faktura  

  • Faktura i oktober kjem som normalt frå SFE Kraft.  
  • I november vil du motta første faktura med Wattn som avsendar.
  • Avtalar om EHF-faktura for bedrift, eFaktura, e-postfaktura, SMS-faktura, Digipost og AvtaleGiro vert vidareført til Wattn utan at du treng å gjere noko. 
  • Betalar du faktura manuelt, må du vere merksam på endring av konto- og KID-nummer som står på faktura frå Wattn.  
  • Har du avtale om anna enn månadleg fakturering? Då vil du motta ein ekstra faktura på gjeldande målepunkt, med avrekning av forbruket ditt fram til 1. oktober. 

 
Nettleige og straum på same faktura

Wattn får avtale om gjennomfakturering med seks nettselskap. Det betyr at endå fleire kundar får straum og nettleige på same faktura frå 1. november.

Her er nettselskapa vi får avtale med: 

  • Linja - både bedrift- og privatkundar
  • Mørenett - både bedrift- og privatkundar
  • BKK Nett - både bedrift- og privatkundar
  • Sygnir - både bedrift- og privatkundar
  • Elvia - berre privatkundar
  • Tensio TS - berre privatkundar

Du treng ikkje gjere noko. Har du straumavtale hos oss på målepunkt i desse nettselskapa sine område skjer det automatisk. 
Bedriftskundar med eigne gjennomfaktureringsavtalar vil behalde desse som før.


Informasjon til deg som brukar Mi side og SFE Kraft kundeapp

  • I perioden 28. september til 5. oktober vert tilgangen til desse begrensa
  • Ta kontakt med oss om du ønsker å bytte straumavtale, melde flytting eller gjere andre endringar i kundeforholdet ditt
  • Etter 5. oktober kan du logge inn for å sjå forbruks- og faktura-historikk. Faktura med forfall i oktober, vil også vere tilgjengeleg. 
  • Grunna omlegging av system vert ikkje anna informasjon oppdatert etter 1. oktober. 
  • Du kan finne oppdatert forbruksdata på nettselskapet ditt sine sider
  • Du vil få ytterligare informasjon frå Wattn når det nærmar seg lansering

I haust lanserer Wattn ny kundeside og ny kundeapp for privatkundar på straum. Vi lanserer samtidig ny bedriftsportal for bedriftskundane våre. Historiske data for faktura og straumforbruk vert vidareført dit. Du vil motta informasjon om dato for lansering og innlogging til desse tenestene frå Wattn seinare. 

Alle kundar skal få tilsendt utfyllande informasjon på ønska kommunikasjonsmåte. 

* unntaket gjeld dei få som har fått særskilt informasjon om dette.

Spørsmål og svar om WATTN finn du her.