Rekordlåge spotprisar på straum i Norge

SFE <picture/>

Det har vore eit spesielt straumår på fleire måtar. Spotprisane på straum blir bestemt ut frå tilbod og etterspørsel for kvar einaste time i døgnet. I år har vi hatt redusert forbruk/etterspørsel av straum som følgje av korona, samstundes som 2020 har vore uvanleg nedbørsrikt – både på seinvinteren -og seinsommar. Kombinasjonen av lågare forbruk og meir nedbør til norske vassmagasin, har redusert spotprisane kraftig.  Gjennomsnittleg spotpris, i alle fem norske spotprisområda, er hittil i underkant av 10 øre/kWh før offentlige avgifter.  Til samanlikning har gjennomsnittleg spotpris i andre spotprisområder i Norden vore mellom 15-30 øre/kWh, men også dei har vore påverka av lågara forbruk av straum som følgje av Korona.

Når vi no nærmar oss vinter og kjølegare temperaturar, vil sannsynlegvis auka straumforbruk presse spotprisane noko opp.  Men, rekordhøg fyllingsgrad i  norske vassmagasin (90-95%), kombinert med utbygging av fornybar vind- og vasskraft seinare åra, gjer at tilbodssida av straum er større enn tidlegare. Den samla effekten av dette er sannsynlegvis låge spotprisar på straum i vinter.  I terminmarknaden for straum ser vi prisar på 25-30 øre/kWh før offentlege avgifter i 1. kvartal 2021, og 21-23 øre/kWh i gjennomsnitt for same år samla sett. I dette ligg det ei forventning om «normale» nedbørsmengder neste år, og at straumforbruket vil ta seg litt opp etter at vi, forhåpentligvis, er over det verste med tanke på korona.

- Ole Marius Gloppestad, Kraftanalytiker i Sogn og Fjordane Energi