KORLEIS LESE AV STRAUMEN

I løpet av 2018 skal alle straumkundar i Noreg ha fått automatiske straummålarar. Det betyr at tida der ein les av straumen snart er forbi. Fram til dette er på plass, oppmodar vi kundane våre om å lese av straumen ein gong i månaden. Då slepp du uforutsette overraskingar når rekninga kjem.

Du kan få varsling om målaravlesing på både e-post og sms. På ”Mi side” kan du velje om du vil ha varsling på SMS eller e-post. Hugs å registrere rett mobilnummer og epostadresse.

Korleis lese av straumen
Det er enkelt å registrere målaravlesinga på Mi Side, men du kan og sende avlesing på epost, chat eller SMS (kr. 0,99). Brukar du internett eller telefon vil målaravlesinga verte registrert med den datoen den vert lagt inn. Dersom det er same dato som er oppgjeven som avlesingsdato, vil ikkje vi måtte estimere eit forbruk. Er datoen ein annan vil datasystemet estimere eit forbruk fram eller tilbake til avlesingsdato.

Les meir om automatiske straummålarar her.

SFE previewImg

MELDE FLYTTING

Skal du flytte inn eller ut, treng nettselskapet ditt beskjed om dette.

Les meir