BYGGE NY BUSTAD

SFE <picture/>

Skal du byggje nytt og treng straum? Gjer deg kjent med kva vi kan hjelpe deg med og kva plikter du har. Det kan vere lurt å ta kontakt med oss tre månadar innan du startar på prosjektet.

Før du går i gang
Skal det gravast på eigedomen, skal det sendast ei gravemelding. For meir informasjon om gravemelding, sjå her. Om du planlegg å nytte anleggsmaskiner innanfor 30 meter frå ei høgspentlinje, skal SFE Nett varslast på telefon 815 21 490 i god tid i førekant.

Bestille tilknyting til straumnettet
Når ein ny bustad eller eit nytt bygg skal koplast til straumnettet, vil det i mange tilfelle føre til at ein del av straumnettet må endrast eller forsterkast. Kostnadane SFE Nett vil ha i samband med dette, vert fordelt på kundane som utløyser investeringa. For å bestille ein ny tilknyting eller auka straumuttak, ta kontakt med ein elentreprenør. Elentreprenøren vil hjelpe deg med å utforme ei spesifisert bestilling til SFE Nett, og du vil få ein plan og eit estimat på pris.

Under bygging:
Treng du provisorisk straum i byggeperioden, kan du bestille eit byggestraumskap av SFE Nett. For informasjon om prisar og bestilling, les om byggjestraum her.

Innflytting
Når bustaden står ferdig, vil du trenge fast tilkopling til straumnettet. Korleis du går fram for å bestille, kan du lese meir om her. For at du skal vere sikra straum i bustaden din når du flyttar inn, må bestilling av tilknyting til straumnettet skje innan tre månader før planlagt oppstart av grunnarbeid.

Har du spørsmål om straum til ny bustad, kan du kontakte kundesenteret vårt på telefon 

57 88 48 50, på chat eller på epost.

Tilknytingsvilkår privat

Standard tilknytningsvilkår regulerer forholdet mellom nettselskapet og eigar av den elektriske installasjon som skal koplast til distribusjonsnettet.

Last ned her
SFE previewImg

PLUSSKUNDE

Planlegg du å montere solceller? Her kan du lese meir om plusskunde.

Les meir