Radiokommunikasjon
Straummålaren vår er av typen Kaifa og det er NURI som leverer teknologien. Dei fleste målarane våre kommuniserer via eit radio-nettverk. Dette er ein trådlaus kommunikasjonsmåte der målaren sender data via ei oppsamlingseining, også kalla konsentrator. I enkelte områder, er det utfordringar knytt til dårleg dekning og lite signal. Då kan målarar i same radio-nettverk kommunisere med kvarandre og dermed hjelpe kvarandre med å sende målardata til konsentratoren.
HAN-uttak
Dersom du ønskjer å koble målaren din opp mot smarthus-løysingar eller liknande tilbod frå andre leverandørar, må du opne HAN-uttaket på målaren din. Dette gjer du enkelt sjølv på Mi side. Merk at du må identifisere deg med BankID for å gjere dette. Treng du hjelp, kan du kontakte kundesenteret på e-post: kundesenter@sfenett.no.