NY MÅLAR GIR STORE FORDELAR

SFE <picture/>

Myndigheitene, ved Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), har bestemt at alle straumkundar i Noreg skal ha automatiske straummålarar. SFE Nett har montert AMS-målarar hos nær alle kundane sine. Meir informasjon om målarane finn du også på www.nve.no.  

Du kan kople den nye målaren opp mot intelligente styringssystem, som kan gje både auka komfort og høve til å spare pengar. Nettselskapet leverer ikkje slike løysingar, det må du som forbrukar kjøpe sjølv frå andre aktørar. Systema kan gje deg endå betre innsikt i straumbruken eller høve til å styre straumbruken i heimen på heilt nye måtar, til dømes etter pris.                
Smart for straumnettet og klimaet
Med automatiske straummålarar vil forsyningstryggleiken bli betre. Nettselskapet får betre oversikt over kvar belastninga i nettet er størst, og dermed betre innsikt i behovet for oppgraderingar. Dette vil bidra til å redusere behovet for å byggje ut straumnettet, noko som fører til mindre kostnadar for både nettselskap og kundar. Ein veit også frå fleire studiar at betre oversikt over straumbruken fører til meir effektiv energibruk, som vil vere positivt for klimaet vårt.