SFE Nett blir til Linja

SFE <picture/>

Endringar i lovverket krev eit tydeligare skilje mellom nettselskapa og resten av energiselskapa. Dette gjer at mange nettselskap no må skifte namn. SFE Nett sitt nye namn vert Linja.

Linja er eit namn som seier noko om kva vi driv med. Det er lett å hugse, stave og uttale. Det er også eit begrep vi brukar i dagleg tala, både på jobb og privat.

Vi er godt nøgde med at vi kom fram til eit nynorsk namn som passer godt til kven vi er som selskap. Etter ein omfattande prosess med brei involvering frå tilsette kom vi fram til namnet Linja AS.

Det blir arbeidd med nye nettsider for linja.no, men fram til den er på plass vil sfenett.no fungere som normalt.

Allereie tredd i kraft

NVE krev at nettverksemdene skil seg tydeleg frå både straumproduksjon og sal av straum fordi nettleveransen er monopolverksemd. 

Dei fleste endringane i samband med nye reglar skjer innanfor i energiselskapa, og er ikkje noko folk flest har eit forhold til. Mange kundar har kanskje allereie sett at det er kome eit nytt namn på faktura for nettleige. Overgangen vil skje gradvis, og etter kvart vil ein også sjå at SFE-bilane og arbeidstøyet til energimontørane vil få ny logo. Nettverksemda har dei fleste bilane ein ser langs vegane, og endringa vil difor bli svært synleg. 

Linja er livsnerven i samfunnet

Linja må til for å frakte straumen gjennom djupe dalar og over breie fjordar fram til folk, og har gjennom historia vore sjølve livsnerven i samfunnet. På same måte er linja avgjerande for å lykkast med elektrifiseringa av samfunnet framover. Eit sterkt straumnett er ein grunnpilar når vi no skal redusere utsleppa i samfunnet gjennom å få tunge sektorar som mellom anna transport, petroleumsproduksjon, marin og maritim sektor over på fornybar straum.


SFE-namnet består

Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil framleis bestå som selskapsnamn på resten av konsernet, det er kun nettverksemda som byter namn. Operatørar og andre som arbeider på kraftstasjonar vil til dømes framleis bære SFE merkevara på ryggen og køyre SFE bilar.

Linja AS vil vere 100% eigd av SFE-konsernet slik SFE Nett har vore. Namnebytet frå SFE Nett til Linja vil skje gradvis hausten 2020 og utover første halvpart av 2021.