

Kraft i Vest
Programoversikt 2025
Torsdag 25. september (12:00 til 17:00)
Nordfjordkonferansen (8:45 – 11:00)
- Program kjem
Tillit og samarbeid i ei brytningstid
Korleis skapar vi samarbeid og utvikling i ei tid der tilliten menneska har til kvarandre, styresmakter og organisasjonar er under press.
- Kristin Clemet, dagleg leiar, Civita
- Ole Erik Almlid, administrerande direktør, NHO
- Panelsamtale
Den viktige lokale forankringa
Både nye og etablerte industriverksemder deler sine erfaringar om kva som skal til for å lukkast med verdiskaping, forankring og gode partnarskap i lokalsamfunna.
- Anveig Bjordal Halkjelsvik, fabrikksjef, Hydro Årdal
- Roger Flølo, dagleg leiar, Nyvinn – om biogassprosjektet på Byrkjelo
- TBC (regionalt industricase)
Å gjenskape tapt tillit
Tilliten til både fornybar energi som vare og kraftbransjen som industri blir tidvis sett på stor prøve. Kva har ein lært, og kva kan fornybarnæringa gjere for å gjenskape tilliten?
- Bård Vegar Solhjell, administrerande direktør, Fornybar Norge
DRIV-prisen for grøn innovasjon
Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland. Den skal premiere og inspirere idear, teknologi og menneske som siktar mot å bli ein viktig del av klimaløysinga.
- Presentasjon av dei tre nominerte og utdelinga av DRIV-prisen 2025
Kraft, handel og økonomisk utvikling
Kva kan den geopolitiske situasjonen og det internasjonale handelsbilete få å seie for økonomien og næringslivet i åra framover? Kva utvikling kan vi i tillegg vente oss på kraft- og energiområdet?
- Katinka Bogaard, administrerande direktør, Volt Power Analytics
- Ola H. Grytten, professor, NHH
Fredag 26. september (08:30 til 12:30)
Kunstig intelligens – når tåka lettar!
Bak "hypen" ligg det store moglegheiter for del som klarer å bruke KI ansvarleg og effektivt. Korleis kan du nytte det til reell verdiskaping?
- Elin Hauge, futurist og ekspert på teknologi/KI
Den krevjande balansen
Korleis balanserer vi omsynet til lokal verdiskaping og utvikling, natur- og landskapsvern, og storsamfunnet sine behov og forventningar? Og korleis sikrar vi tilliten til dei lokale, demokratiske prosessane?
- Jenny Følling, ordførar, Sunnfjord kommune
- Petter Sortland, ordførar, Høyanger kommune
- Tom Joensen, kommunedirektør Bremanger kommune
Leiarideala – før og no
Set leiarskapen vi ser i m.a. amerikansk politikk ein ny standard for kva som vil bli akseptert av leiing, sanning og moralsk kompass? Kan historia lære oss noko om korleis leiarar kan samle folk og skape tillit?
- Hans Olav Lahlum, forfattar og historikar
Det store VI
Alle ønskjer seg meir samhald, meir fellesskap, og meir "team". Men korleis skapar ein den gode følelsen av samhøyrsle?
- Harald Eia, sosiolog, komikar og programleiar




