STRAUMSAL

SFE <picture/>

SFE Kraft har no gått saman med Tussa, Tafjord og Sognekraft om framtidig straumsal i eit nytt felleseigd straumselskap. Med over 100.000 straumkundar og ambisjonar om vekst, tek dei opp konkurransen med dei store aktørane på marknaden. 

Ei felles satsing innan straumsal legg til rette for god kundeservice og konkurransedyktige prisar. Samstundes ser vi fordelane med å få eit sterkare fag- og kompetansemiljø slik at vi kan utvikle framtidsretta produkt og tenester. Målet er å auke meirverdien for kundane våre. Du som allereie er kunde hos Tussa, Tafjord, SFE eller Sognekraft vil ikkje merke noko stor skilnad i starten. Du vil framleis få straumfakturaen frå det selskapet du høyrer til.

Les meir om straumavtalene her