SFE-konsernet har eigarskap i fleire selskap som på ulike måtar relaterer seg til våre kjerneverksemder. Dette er nokre av dei.
SFE-konsernet har eigarskap i fleire selskap som på ulike måtar relaterer seg til våre kjerneverksemder. Dette er nokre av dei.
Enivest leverer breiband og fiber til privatkundar og bedrifter i Sogn og Fjordane, og betyr mykje for utvikling av lokalsamfunn og næringsliv i regionen vår. Selskapet vart etablert i 2000, har rundt 45 tilsette og hovudkontor i Førde. SFE eig 38,74% av Enivest.
I ei nedlagt Olivin-gruve på Lefdal i Nordfjord ligg Lefdal Mine Datacenter. Målsetnaden er å vere det sikraste, mest fleksible og miljøvenlege datasenteret i Europa. SFE har vore på eigarsida sidan oppstarten og eig i dag 12,6% av datasenteret.
SFE har vore med sidan starten på eSmart Systems si satsing på å utvikle leiande, digitale løysingar for mellom anna kraftsektoren. Selskapet har hovudkontor i Halden, rundt 80 tilsette, og har på få år skapt ei internasjonalt anerkjent verksemd med kontor i fleire land.
SFE har 10% eigarskap i Falck Renewables Vind som står bak Hennøy vindkraftverk (Bremanger) og Okla vindkraftverk (Selje).
Etrygg leverer tenester på vegne av nettselskapa SFE Nett og Sunnfjord Energi Nett. Tenestene omfattar mellom anna tilsyn med elektriske anlegg, elektrisk utstyr og elektroinstallatørar, i tillegg til informasjon og opplæring i el-tryggleik. SFE eig 45% av Etrygg gjennom SFE Nett.