Visjon
”Vi skaper den fornybare framtida” er SFE sin visjon, og denne er felles for konsernet og selskapa i konsernet.
Forretningsidé
Skape verdiar ved produksjon, omsetning og overføring av elektrisk energi, samt anna verksemd knytt til desse områda. Selskapet sitt føremål er produksjon, omsetting og overføring av elektrisk energi, samt anna verksemd knytt til desse områda.
Overordna konsernmål og strategiar
- Auka verdiskaping for eigarane våre. Sikre og auke verdiane i selskapet samtidig som ein sikrar eigarane eit godt utbyte.
- Ta posisjon som det mest synlege og utviklingsorienterte fornybarselskapet mellom Bergen og Trondheim. Auke innsatsen på nyskaping både i og utanfor kjerneverksemda og kommunisere dette offensivt til omverda.
- Vere ein regionalt leiande i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa og elektrifisere samfunnet. Arbeide aktivt for å redusere eige natur - og klimafotavtrykk og i partnarskap med andre ta ei leiande rolle i arbeidet med elektrifisering i vårt område.
Økonomiske mål
SFE skal gjennom utbytte og verdiauke på selskapet gje eigarane ei konkurransedyktig langsiktig avkasting samanlikna med alternativ investering med tilsvarande risiko.
Målsetnaden er å innrette verksemdene i konsernet slik at SFE oppnår minimum BBB- som kredittrating hos dei store finansinstitusjonane.
Utbyte
Utbyttepolitikken tek utgangspunkt i morselskapet sitt resultat etter skatt, investeringane det enkelte år og storleiken på ordinære årlege avskrivingar.
Framtidig utbytte vil bli berekna slik som dette:
Morselskapet sitt resultat etter skatt x 90%
- (Årets investeringar – Årets ordinære avskrivingar) x 30%
= Årets utbytte
For å sikre tilstrekkeleg stabilitet i utbytte for selskapet sine eigarar, er utgangspunktet at det årlege utbytte vert på minimum 75 mill. kroner, dersom styret finn dette tilrådeleg etter ei samla vurdering av selskapet sin likviditet og soliditet.