20.-21. september 2023 arrangerer vi energi- og næringskonferansen Kraft i Vest på Sandane. Konferansen har gjennom åra etablert seg som ein viktig møteplass på Vestlandet, med rundt 300 deltakarar årleg. Her møtest eit breitt spekter av aktørar frå akademia, politikk, næringsliv og andre organisasjonar. Konferansen kan by på inspirasjon, lærdom og høve til å drøfte viktige problemstillingar i fellesskap. Sentrale tema er energi og grøn omstilling.
Kraft i Vest er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge Vestland.
2023 er det tiande året konferansen blir arrangert. Programmet for 2023 er under utarbeiding, og vil bli annonsert her og i andre kanalar etter kvart som det er klart. Inntil vidare kan du sjå nærare på programmet frå tidlegare år i menyen til høgre.
Vi håpar du held av 20.-21.9 i kalenderen din, og ser fram til å sjå deg i Trivselshagen på Sandane i september.