VI SKAPAR DEN FORNYBARE FRAMTIDA
Vi har gleda oss i to år til å ta i mot gjestar til Kraft i Vest. Mange har nok sakna konferansestemninga med dei gode faglege diskusjonane, påfyll av relevante tema, møte med menneska og lokalmat av høg klasse. Det er ein ære å ønskje dykk velkomen til Kraft i Vest 22.-23. september 2021!
Temaet i år er "Vi skapar den fornybare framtida". Kva rolle har teknologiutviklinga i løysinga på klimakrisa? Kan grøn omstilling skape nye moglegheiter? Auka krav til grøn rapportering – korleis henge med?
Du vil mellom anna møte tidlegare statsråd Anniken Hauglie, Kikki Kleiven frå Bjerknessenteret og Agathe Schjetlein i Finans Norge.
Program dag 1 – 22.september
Opning og introduksjon
11.00 – 11.45 Lunsj, Gloppen Hotell
12.00 – 12.15 Opning og introduksjon av konfransier Anne-Mette Hjelle.
12.15 – 13.00 «Ei varmare verd», Hilde Fålun Strøm og Sunniva Sorby, Hearts in the Ice
Nyskaping som nøkkel til klimautfordringa
13.00 – 13.25 «Innovasjon som drivkraft i det grøne skiftet", Anniken Hauglie tidlegare statsråd og leiar i Norsk Olje og Gass/Viseadministrerande direktør i NHO
13.25 – 13.50 «Kraftselskapa i sentrum for ny grøn teknologi», Liina Veerme, konserndirektør SKS
Pause til 14.15
Når berekraft blir føresetnad for finansiering
14.15 – 14.40 «Når kapitalen stiller klimakrav», Agathe Schjetlein, direktør berekraft Finansnorge
14.40 – 15.05 «EUs taksonomi for grøne investeringar», Ingri Martine Fonn Macsik, Sparebanken Sogn og Fjordane
15.05 – 15.30 «The future of sustainable energi», Valeria Jana Schwanitz, Institutt for miljø- og naturvitskap HVL
Nytt Storting – kva skjer no?
15.30 – 15.55 Ei ny regjering tek form - vi kikar bak kulissane. Kva kan næringslivet forvente seg framover? Frampeik med avtroppande stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete og konfransier Anne Mette Hjelle.
Pause til 16.30
Drivprisen - nyskaping som drivkraft for grøn omstilling
16.30 – 16.45 «Verktøy for nyskaping», Nina Broch Mathisen, direktør Innovasjon Norge Vestland
16.45 – 16.55 Introduksjon DRIVprisen
16.55 – 17.05 Førsteplass vinnarTio Tech 2020
17.05 – 17.20 Presentasjon nominerte 2021
17.20 – 17.30 Kåring og utdeling av pris 2021
17.30 – 18.00 Oppsummering av dagen
19.30 - Apertif på Gloppen Hotell før festmiddag kl. 20.00.
Program dag 2 – 23.september
Opning dag 2
08.30 – 08.35 Opning dag 2, konfransier Anne Mette Hjelle
08.35 – 09.00 «Korleis vil klimaendringane påverke oss», Helga «Kikki» Flesche Kleiven, direktør for Bjerknessenteret for klimaforskning
Elektrifisering – vår viktigaste klimareidskap
09.00 – 09. 25 «Eit fornybart og fullelektrisk fornybarsamfunn – kva må til» Toini Løvseth, direktør marked, elektrifisering og kundar i Energi Norge
09.25 – 09.50 «Nasjonale klimaambisjonar og kritiske grep for verdiskaping», Sigrun Aasland, leiar Zero
09.50 – 10.15 «Korleis balanserer vi klima og natur», Therese Hugstmyr Woie, Natur og Ungdom
Pause til 10.40
Frå ord til handling – eit grønare vestland
10.40 – 11.05 «Eit grønt vestland og nullutslepp 2030», Natalia Golis, Fylkesvaraordfører Vestland Fylkeskommune
11.05 – 11.30 «Berekraftssatsing i energibransjen», Jannicke Lindvik, kommunikasjonsdirektør Sogn og Fjordane Energi
11.30 – 11.45 «Metall for komande generasjonar» Helene Seim, administrerande direktør Boliden Odda
Årets store thriller - kraftprisar og forsyningssikkerheit
11.55 – 12.20 «Kva skjer, kvifor skjer det og kva kan vi fortente oss framover», Toril Christensen, Analysesjef, Eviny AS (BKK).
12.20 – 12.30 Avrundande ord ved Anne Mette Hjelle
Gunna smitterestriksjoner i samband med covid-19, har vi avgrensa med billettar. Her løner det seg å vere rask!