INFORMASJON OG PÅMELDING

 

Tema for Kraft i Vest 2022 er "Når alt er i endring". Vi kan love publikum ein energi- og næringskonferanse med dagsaktuell innsikt, magisk stemning og den perfekte møteplassen. 

Program Kraft i Vest 2022

Gå direkte til påmelding

Tid: Onsdag 21.- torsdag 22. september

Stad: Trivselshagen, Sandane i Gloppen kommune

Overnatting:

Gloppen hotell
Overnatting på Gloppen Hotell bestiller du gjennom påmeldingsskjemaet for konferansen. Det løner seg å vere tidlig ute med påmelding om ein ønskjer rom på Gloppen Hotell. Betaling skjer direkte til hotellet ved utsjekk.
Lunsjar og festmiddag finn stad på Gloppen hotell.

Gloppen camping
For å booke overnatting på Gloppen Camping, tek du sjølv kontakt på telefon 414 68 433. Campingen har hytter og leiligheiter i ulike prisklassar. SFE syter for gratis transport til og frå konferansen og til måltida på hotellet. 

Hus/leilegheiter
Sjå elles t.d airbnb.com for tilgjengelege leiliegheiter, hus og hytter i nærområdet. Vi kan vere behjelpelege med transport til og frå konferanseområdet.

Bubil
Vi har nokre Bubilplassar ved Gloppen Hotell, bestill via epost: kraftivest@sfe.no

Er de fleire frå same bedrift som ønskjer å bu i lag? Ta kontakt med oss, så kan vi hjelpe til med å finne passande hus/leilegheit.


Reise:

For deg som skal køyre til Sandane:

Konferansen finn stad i Trivselshagen kulturhus på Sandane, rett ved Firda Vidaregåande skule. Følg skilt til "Kulturhus" og "Idrettshall/badeanlegg". Parkering er gratis. 
Sjå kart

For deg som kjem med fly:

Sjekk flytider på wideroe.no.

Send oss ein e-post med flytidene dine, så skal vi ordne med transport til og fra Sandane Lufthamn Anda.


Prisar (inkl mva):

Pakkepris (konferanse to dagar inkl. alle måltid)    4 900     
Konferanse begge dagar - ingen måltid    3 500
Konferanse dagspass onsdag - ingen måltid    2 300
Konferanse dagspass torsdag - ingen måltid    2 200
Lunsj torsdag       350
Lunsj fredag       350
Festmiddag med underhaldning    1 250

Ved avbestilling mellom 1.- 20. september vert 50% av beløpet refundert. Ved avbestilling etter 20. september vert ikkje noko av beløpet refundert. Det vert ikkje gjeve refusjon for enkeltmåltid som ikkje vert nytta.


Spørsmål:
Spørsmål angåande påmelding, overnatting, fakturering og anna praktisk informasjon, ta kontakt med:

Christin H. Aare
(E-post: kraftivest@sfe.no, tlf: 979 83 962)

Vi gler oss til å sjå deg på Sandane i september!

Kraft i Vest er Vestlandet sin møteplass for næringsliv, politikarar og akademia. Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Vestland Fylkeskommune, Innovasjon Norge Vestland og Sogn og Fjordane Energi arrangerer konferansen.

Les meir om konferansen her