KRAFT I VEST 2024

SFE <picture/>

18.-19. september er det klart for Kraft i Vest på Sandane. Sjå program her.

I år skal vi innom tema som det urolege verdsbiletet, grøn utvikling på Vestlandet og kva rolle teknologi og kunstig intelligens kan spele. Du møter blant anna Erna Solberg, Terje Aasland, Kristin Halvorsen og teknologiekspert Hans Petter Nygård Hansen i eit fullspekka program som vert avslutta med festmiddag på Gloppen Hotell og underhaldning med Heine Totland.

Meld deg på her!

Konferansen er blant dei viktigaste møteplassane på Vestlandet, og samlar årleg nærare 300 deltakarar frå næringsliv, offentlege organisasjonar, akademia og politiske miljø. Bli med og få to dagar med høgaktuell innsikt, gode samtalar og sanselege opplevingar. 

Kraft i Vest er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge Vestland.