Velkomen til 10-årsjubileet til energi- og næringskonferansen Kraft i Vest! I år er temaet "Tid for handling". Vi veit ein god del om kva retning vi må gå, men korleis når vi målet om ei fornybar framtid raskt nok?
Påmeldinga er no stengt, har du spørsmål kan du kontakte eli.evebo@sfe.no.
Hovudtema for konferansen i år er:
- Kva energiressursar og -teknologiar satsar vi på?
- Korleis tek vi omsyn til både naturen og klimaet på vegen mot målet?
- Kvifor er folk så splitta i synet på energi, klima og miljø, og er det mogleg å samle folk flest om endringar som må til?
- Korleis navigere i det makroøkonomiske landskapet på vegen mot grøn omstilling?
- Og korleis handterer vi dei moglegheiter og utfordringar som teknologi og kunstig intelligens gir oss?
Dag 1 kjem blant anna astrofysikar, forfattar og vitskapsformidlar, Eirik Newth. Vi skal også ha utdeling av DRIV-prisen og festmiddag på Gloppen Hotell med underhaldning av Jan Eggum.
SFE og Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer til småkraftseminar under Kraft i Vest. Sjå heile programmet her.
Dag 2 ser vi på teknologi, kunstig intelligens og folkeopinion og haldningar. Her får vi blant anna høyre Thomas Seltzer snakke om "Amerikansk armageddon".
Konferansen er blant dei viktigaste møteplassane på Vestlandet, og samlar årleg nærare 300 deltakarar frå næringsliv, offentlege organisasjonar, akademia og politiske miljø. Bli med og få to dagar med høgaktuell innsikt, gode samtalar og sanselege opplevingar.
Kraft i Vest er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge Vestland.